Hopp til innhold

Kom i helikopter til kampen, men sleit i starten: – Vi kom nok inn med feil innstilling

Bodø/Glimt kom flygande til dagens kamp mot Rana FK, men vart raskt trekt ned på bakken då dei låg under til pause.

Lasse Norås

Lasse Norås sto for tre av Glimts fire mål i dagens kamp mot Rana FK.

Foto: Bjarne Brandal / NRK

– Vi kom nok kanskje inn med litt feil innstilling, som om dette skulle gå lett. Og det kjende vi på i første omgang.

Lasse Norås skåra tre av Bodø/Glimt sine fire mål mot Rana FK på Nye Sagbakken stadion søndag ettermiddag.

Kampen enda 4–1 til dei gulkledde frå nord. Du kan sjå klipp frå kampen nedst i saka.

Delar av Bodø/Glimt sin tropp landar før kampen mot Rana FK.

Delar av Bodø/Glimt sin tropp landar før kampen mot Rana FK.

Før kampen tok til skjedde det Rana blad kallar ein sjeldan syn utanfor Rana FK sitt klubbhus: eit helikopter landa med delar av Bodø/Glimt sin tropp.

Men trass i å vere favoritt og dei mange sjansane greidde ikkje Bodø/Glimt sette ballen i nettet til heimelaget i første omgang. Men det greidde Rana FK.

Du kan lese kampreferatet og alle høgdepunkta her.

Helikopter på Sagbakken stadion.

Delar av Bodø/Glimt sin tropp landa utanfor Rana FK sitt klubbhus før kampen.

Foto: Bjarne Brandal / NRK

– Vi sette oss ned i pausen og tok ein prat om at vi må senke skuldra og spele spelet vårt. Det her kom til å gå bra. Og det var det vi gjorde og det funka, seier Norås.

– Eg reknar med Kjetil Knutsen, trenaren, ikkje var heilt roleg i pausen?

– Nei, men om han skulle hissa seg opp ville vi blitt meir stressa. Han tok det ganske roleg og sa at vi berre måtte skjerpe oss og gjere det vi trenar på.

Og noko må ha funka. For i 59. minutt skåra Norås sitt første av tre mål og utlikna mot dei blå og kvite.

– So det kom til å sprekke opp. Der var jo fleire sjansar og når vi byrjar å sette dei, so veit eg at vi kjem til å vinne, seier Norås.

Sigerherrane sitt siste mål kom i 78. minutt då Norås skåra sitt tredje på straffe.

– Det var Moberg som gav meg tanken om å hattricke. Eg tenkte eigentleg ikkje på det, men han sa det, eg spurte fint og fekk ta straffa, seier Norås.

– Eg takkar han for den, det sa eg til han.

Regjerende seriemester Bodø/Glimt gjester Nye Sagbakken stadion i Mo i Rana. Første runde i cupen er mot Rana FK.

Regjerande seriemeister Bodø/Glimt gjesta Nye Sagbakken stadion i Mo i Rana. Første runde i cupen var mot Rana FK.