Fotografen har til vane for å snike seg på tog og legge ut videoinnhald av det på sin YouTube-kanal, bak namnet «Gifgas».
«We're also, just, FLYING! We're going so fucking fast» skriv han til følgarane i det han står bak på eit malmtog gjennom Sverige.
Bane Nor fekk beskjed om hendinga av det svenske selskapet LKAB i slutten av juli.
No har begge selskapa meldt belgiaren til politiet.
– Det å vere oppe på toget der, der er du jo nær høgspennanlegget. Kjem du borti det så er du død, seier Thor Brækkan, regiondirektør i Bane Nor.
Her sit eller står "Gifgas" på togtaket og ropar om kor fort han synest toget køyrer.
Foto: Skjermdump frå "Gifgas" sin YouTube-kanalBelgiaren filmar mens han spring over togspora for å ikkje bli oppdaga. Mens toget køyrer i full fart mot Narvik, sit han oppå toget.
Avisa Fremover skreiv først om saka.
Ofotbanen går mellom Kiruna i Sverige og Narvik i Noreg.
– Direkte livsfarleg
Det kan bli farleg, om han treffer desse leidningane:
På feil plass til feil tid kan få store konsekvensar i nærleiken av desse høgspentleidningane.
Foto: Skjermdump frå "Gifgas" sin YouTube-kanal– Er de redde for at dei som ser desse videoane kan la seg inspirere?
– Det håpar vi inderleg ikkje. Det er alltids ein risiko for det, men aldri må nokon finne på å gjere noko slikt. Det er altså direkte livsfarleg, svarar Brækkan.
Han legg til at det er sjeldan dei har folk som klatrar på toget.
– Men det hender vi har folk inne i sporområdet. Det er ulovleg å vere inne i sporområdet og å krysse spor, og vi melder det til politiet når vi oppdagar slike saker.
NRK har ikkje fått svar på sin førespurnad til belgiaren.
Ifølge belgiaren stoppa mobilen å fungere på grunn av at han har sete i jern heile vegen.
Foto: Skjermdump frå "Gifgas" sin YouTube-kanalKan få kontakt med høgspenn
Caroline Wiss, visedirektør i Malmtrafik LKAB, stadfester at også dei har meldt vedkomande til politiet. Det vil dei gjere på nytt om det same skjer igjen.
– Vi ser ytst alvorleg på at personar reiser med våre malmtog. Vognene er forma ut for å transportere malm og at personar reiser med er ein stor risiko for deira eigen sikkerheit.
Caroline Wiss i gruveselskapet LKAB.
Wiss ser alvorleg på risikoen ved å kome i kontakt med høgspentleidningane.
– Det finst også ein risk når personane klatrar på toget og at personane truleg ikkje veit kva toget sin sluttstasjon er og kva som skjer der. For eksempel att vognene blir tømt ved at ei botnluke blir opna.