Hopp til innhold

-Morsan tykkjer eg er håplaus

Truls Fjellheim (22) har ofra påske-skia i fleire år. Han sit heller framfor datamaskina.

The Gathering 09. Gutane frå Mo i Rana

Desse fire unge ranværingane deltek i år på The Gathering i Vikingskipet. F.v Kristian Henriksen, Martin Kvanli, Mats Moen Eide og Truls Fjellheim.

Foto: Mats Moen Eide

The Gathering vert i år arrangert for 17. gong, og arrangementet er eitt av verdas største i sitt slag. Kvart år samlast over 5000 unge og gamle datamaskinentusiastar seg for å dele erfaringar, møte nye venner og feire høgtida saman.

I år har fire unge menn frå Mo i Rana teke turen til Vikingskipet og The Gathering. Dei fire er Truls Fjellheim (22), Mats Moen Eide (18), Martin Kvanli (19), Kristian Henriksen (19).

The Gathering 09 - Dag 2

Over 5000 dataentusiastar har samla seg i Vikingskipet.

Foto: Rune Håkonsen

Mange aktivitetar

Mats Moen Eide er med for fyrste gong, men har vore datainteressert sidan han fekk si fyrste datamaskin som 13-åring.

- Eg vart fyrst og fremst med sidan fleire av kameratane mine skulle reise. Eg tenkte at dette kom til å verte ei artig oppleving, seier Moen Eide.

Han fortel at han for det meste spelar og deler filer.

- Eg spelar for det meste Counterstrike. Den enklaste måten å forklare spelet på er at det er eit politi mot terrorist-spel, seier han.

Rekord-forsøk

Datainteressa byrja då han som 13-åring fekk si fyrste datamaskin.

- Det bryjar å verte nokre år sidan eg vart datainteressert. Det er fem år sidan eg kjøpte mi eiga datamaskin, fortel Moen Eide.

Men sjølv om dei alle for det meste sit framfor datamaskina tykkjer han det er sosialt på The Gathering.

- Det er mykje som skjer. Det er show på scena, foredrag, filmframsyningar og aktivitetsboder. Det er mykje meir sosialt enn folk trur, seier han.

- Dessutan er det fleire Guiness-rekordbok forsøk som skal gjerast. Mellom anna skal ein forsøke å få til verdas største LAN i ein hall og mest nedlasting på ei linje, fortel han vidare.

The Gathering 09 - Dag 2

Til og med dataentusiastar treng søvn.

Foto: Rune Håkonsen

Storkosar oss

Han seier at alle storkosar seg og har det artig. Men han har ikkje møtt andre frå Nordland enno.

- Eg har ikkje møtt andre frå heimfylket. Tidlegare år har det visstnok vore fleire frå både Rana og andre stadar i Nordland, men i år har me ikkje møtt nokon, seier Mats Moen Eide (18) frå Mo i Rana.

- Slepp å gå på ski

For andre har The Gathering vorte ein tradisjon. Truls Fjellheim(22) frå Mo i Rana har vore med i fleire år.

- Det er jo triveleg å sitte her i Vikingskipet i heile påska, og å sleppe å tenke på skigåing heime, humrar og ler Truls Fjellheim (22).

Han fekk si fyrste datamaskin som 7-åring, og sidan har han vore hekta. Han fortel at mora tykkjer det er litt dumt at han vel data framfor påskefjellet, men at det går bra.

- Morsan tykkjer at eg er håplaus, men elles går det bra, ler han.

Han fortel også at han spelar både Counterstrike og rollespel.

- Eg likar strategi-spel og andre spel, seier han.

The Gathering 09 - Dag 1

Her sit fleire tusen dataentusiastar framfor dataskjermane.

Foto: Rune Håkonsen / NRK

Kvinnfolk og data

Fjellheim fortel at det er nokre jenter på datatreffet også.

- Det er nokre jenter her, men om ein tek kontakt kjem an på kor interessert ein er i datamaskina, seier han og ler litt til.