Gav Konfucius-prisen til seksåring

Seks år gamle Zeng Yuhan tok imot den alternative fredsprisen då vinnaren ikkje ville motta han.
Foto: Anders Magnus/NRKDå Lien Chan ikkje ville ta imot det kinesiske alternativet til Nobels fredspris, gav komiteen prisen til ei seks år gamal jente.
Publisert 09.12.2010 09:18. Oppdatert 09.12.2010 10:33.
- Skriv ut
I går vart den såkalla Konfucius-prisen lansert som motstykke til Nobels fredspris. Den tidlegare leiaren av nasjonalistpartiet i Taiwan, Lien Chan, vart tildelt prisen.
Konfucius-komiteen ønskte å gje prisen til Lien fordi han har bidrege til å betre forholdet mellom Taiwan og det kinesiske fastlandet. Men han nektar å ta imot prisen.
– Han har sagt klart ifrå at han tar avstand frå tildelinga. I staden hadde priskomiteen hosta opp ei lita jente på seks år, som fekk ein stor bunke pengar og diplomet på vegner av prisvinnaren, seier Kina-korrespondent Anders Magnus.
Kinesisk seksåring
Seks år gamle Zeng Yuhan er frå Kina, og priskomiteen har ikkje ønskt å seie om ho har noko med prisvinnar Lien Chan å gjere.
Magnus er ikkje sikker på kven som til slutt får prisen på 100.000 kroner.
– Dei hadde ingen til å ta imot prisen, så då var vel ho like god som nokon andre, seier han.
På pressekonferansen vart komiteen spurt om kva dei meiner om at prisvinnaren ikkje ville ta imot prisen.
– Då svarte dei at prisvinnaren er sikkert for fred, og då vil han sikkert også ta imot prisen, seier Magnus.

Tidlegare visepresident Lien Chan vart tildelt Konfucius-prisen, men ville ikkje ta imot han.
Foto: PATRICK LIN/Afp– Eldre enn Nobel
Det er tre veker sidan det vart kjent at kinesarane hadde oppretta sin eigen fredspris. På spørsmål om korleis komiteen var sett saman, svarte dei at han var sett saman for lenge sidan.
– Dei sa også at Konfucius-prisen eigentleg var ein mykje eldre pris enn Nobel-prisen, fordi tankane til Konfucius er mykje eldre enn Nobel.
Magnus meiner det dette er pinleg for komiteen.
– Ja, det er klart at dei tapar ansikt når prisvinnaren ikkje vil ta imot prisen, seier han.
Nekta å snakke om Liu
Jimmy Carter, som var ein av kandidatane til prisen, har bede om at Liu Xiaobo blir sett fri. Då komiteen fekk spørsmål om dette, svarte dei at dei nekta å svare på alle spørsmål om Liu.
– Det å snakke om Liu Xiaobo, ville øydeleggje freden i verda, sa komiteen, ifølgje Magnus.
Komiteen strekar under at dei ikkje har offisielle band til regjeringa i Beijing, men komiteformann Tan Changliu seier dei likevel samarbeider tett med det kinesiske kulturdepartementet.
Nobels fredspris 2010
- Så elendig du er, Noreg
- Mo Yan unnvek spørsmål om Liu
- Norge visum-straffes i Kina
- Liu Xiaobos kone snakker ut
- Da Stoltenberg møtte Wen
- Stoltenberg og Wen i dialog
- Kina: Noreg må reparere forholdet
- Xia trues fortsatt til taushet
- Flere kinesiske turister til Norge
- Kinesere frarådes å reise til Norge
- Slik straffer Kina Norge
Kina
- Den kinesiske drømmen
- Tre selvmord ved Foxconn-fabrikk
- Kunstverk av morsmelk
- Mange innrømmer valdtekt i Kina
- Sensurerer «penis-twitring» i Kina
- Desperat jakt etter jordskjelvofre
- Kina avslører militærtall
- USA og Kina enige om Koreahalvøya
- Fugleinfluensaen har nådd Beijing
- – Må velge mellom pest og kolera
- Kjemper mot ny fugleinfluensa
10 SISTE NOBELPRIS
- Nobels fredsprismedalje stjålet
- 259 nominert til Nobels fredspris
- Disse får EUs fredsprispenger
- Rørt til tårer av EU-hyllest
- Forstår ikke Nobel-bookingene
- – Vi risikerer å bli som Norge
- –Kunne vært mine barn som ble drept
- Fikk applaus for engasjement
- Trodde Jagland kom med EU-ja
- Stortingspresidentens tale









