Et reinsdyr og to reinsdyrgjetere står på dekket av en båt, med fjell i bakgrunnen
Foto: Heidi Lillebråten

Rein kjærleik

Ola og Jørn har draumejobb i høgfjellet med tusenvis av reinsdyr. Flokken veit dei kvar dei skal finne, damene er det litt verre med.

— Nei, oss får ta eit drag på Tinder.

Fingrane sveipar rutinert over mobilskjermen. Stillongsen varmar. Det gjer også kaffien i koppen. Det er frukostblanding i skåla. Snart startar arbeidsdagen, men fyrst må dei sjekke datingappen etter ein mogleg match i nærleiken. Hytta dei sit i ligg 980 meter over havet, i ein kommune med 3664 innbyggarar. Ein skulle tru at utvalet var nokså snevert her, men…

— Nei, det er vel ein 70 000 som går Besseggen i turistsesongen.

Setningane byrjar med nei, men livshaldninga er positiv. Det er håp. Førebels er dei einslege. Likevel fortvilar dei ikkje. For jobben deira er verdas beste; dei er tamreingjetarar.

— Det er ein del som trur at det ikkje finst slike som oss. Ein god del vert rett og slett imponerte, seier dei.

Ola Vaagaasarøygard (27) og Jørn Slettom (22) opplever at folk blir overraska når dei fortel kva dei jobbar med. Dit vi andre reiser i ferien og sender skrytebilete heim frå kvasse toppar, er dei på jobb året rundt.

Kontoret til Jørn og Ola ligg ikkje berre i Jotunheimen: det er Jotunheimen.

Lunefullt kontorlandskap

Dei passar på reinsdyr. Mange reinsdyr. Om sommaren tel flokken meir enn 4000. Arbeidsplassen deira er Vågå Tamrein A/S. Ola byrja då han var 17 år, no er han overgjetar. Jørn fekk fast stilling i år.

— Det er ingenting vi kjem på som negativt ved dette yrket, seier Jørn og Ola, men alle dagar er ikkje alltid like artige.

En reingjeter ser utover fjellene i Jotunheimen. Snø på bakken.
Foto: Jan Stokstad

Jotunheimen er lunefull. Vêret skiftar fort. Her er rovdyr og rasfarlege område. Å vera gjetar er ikkje ein jobb ein kan lese seg til.

— Ein må vera mykje i fjellet, høyre og lære av erfarne gjetarar, fortel Jørn, og så må ein ha interesse og pågangsmot.

— Ein må vera huga til å vera ute, og ha dyreforståing, legg Ola til.

Arbeidsantrekket er fjellsko og anorakk. Gjetarhunden er fast kollega og kikerten heng alltid rundt halsen.

Jobben deira har blitt sjeldan. Ikkje-samisk tamreinnæring sysselset berre 21 årsverk, og i haust kan du følgje kvardagen til tamreingjetarane i TV-serien «Gjetarar i Jotunheimen».

Er dei på vakt, bur dei stort sett i hytter i fjellet. Den dei sit i no ligg midt i Jotunheimen sin indrefilet, nokre få hundre meter frå Gjendesheim. Turistforeiningshytta hadde over 6000 gjestar berre i juli i år.

Når frukostblandinga er oppeten, legg dei vekk telefonen og dreg ut for å sjå etter flokken. Like ved startar ein av dei mest populære fjellturane i Noreg.

Er du heldig, ser du både gjetar og reinsdyr på di ferd over Besseggen.

Slikt blir det bra utval av på Tinder, og gode inntektsmoglegheiter for den som er kreativ. Draumen til dei unge gjetarane er at tilbodet om nærkontakt med reinsdyr skal lokke enda fleire turistar til Jotunheimen. Dei er ikkje dei fyrste som drøymer.

Japansk potensmiddel

På 1970-talet var optimismen i tamreinlaga stor. Ein hadde funne ei ny inntektskjelde til tamreindrifta i Vågå: Japanarane ville kjøpe reinshorn til ein god pris.

Dei brukte det som potensmiddel.

Gevirene av en reinsdyrflokk i fart, høye fjell i bakgrunnen.
Foto: Jan Stokstad

Ein drøymte om at dette skulle gje større inntening enn reinskjøtet, men eventyret varte ikkje lenge. I Japan oppdaga ein at hjortehorn hadde same effekt og kosta mindre.

Ola og Jørn siktar seg heller inn mot turistnæringa og har starta bedrifta Jotunheimen Rein.

— Vi satsar på oppdrag som til dømes sledeturar, kløvturar, å halde nissen med rein og liknande, fortel dei.

Førebels er kjøtsal framleis hovudinntektskjelda til tamreindrifta i Sør-Noreg. Ei næring som har sitt opphav heilt tilbake til 1700-talet.

Fire reinsdyr på vei ned en fjellside midt på natten, med månen hengende på himmelen over dem.
Foto: Jan Stokstad

I heimtraktene til Ola Vaagaasarøygard og Jørn Slettom starta Lom tamreinlag opp i 1926. No er dette det eldste tamreinlaget i Oppland.

To menn fanger inn et reinsdyr og holder det etter geviret.

Jørn (t.v) gjev ei hjelpande hand til far sin, Geir Egil Slettom, under haustslaktinga til Lom tamreinlag.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

— Det er både spanande, triveleg og viktig å føre vidare slike kulturtradisjonar, seier Jørn.

Han går i råsa etter far sin, for Geir Egil Slettom er overgjetar i Lom.

— Eg har aldri kvidd meg for å reise på arbeid, smiler Geir Egil.

Det er kanskje ikkje så rart at sonen har lete seg inspirere til å velje same yrkesveg.

Magnar, Stomperud og Pepe Reina

"Han er jælma huga på gronpåsen!"

Geir Egil har sine triks. Trikset ligg i ein liten pose som nokre reinsdyr ikkje klarer å motstå. I posen er det kraftfôr, og det er spesielt bukkane som let seg freiste. Simlene er meir skeptiske.

Eit dyr som kjem når gjetaren tek fram kraftfôret er verdifullt.

I flokken som Geir Egil og dei andre gjetarane i Lom tamreinlag passar på, er det rundt tretti leiedyr med halsband og namn. Blant dei er bukkane Pepe Reina, Magnar og Stomperud.

Å ha slike kjentdyr, gjer det lettare å merke om dyr forsvinn og passe på at reinen held seg innanfor beiteområdet.

Når dei flyttar flokken om vinteren, går leiedyret fremst saman med ein gjetar på ski eller snøscooter, bak fylgjer eit mylder av firebeina.

Tusenvis av reinsdyr på vandring over snøkledde fjell, er eit syn ein ikkje gløymer så lett.

Synet blir sikra evig liv av Jan Stokstad. Han har gjeta sidan 1970-talet og aldri angra på yrkesvalet sitt.

— Då eg fekk vere her ein sommar, var eg ikkje i tvil, slår han fast. Det er spesielle fjell her i Lom.

Minna frå jobben fangar han med kameraet sitt. Jotunheimens evig skiftande landskap sluttar aldri å by på fenomenale motiv.

Jan Stokstad sit til høgre i biletet og tek bilete av reinsdyrflokken til venstre.

Jan Stokstad samlar minne frå gjetarlivet med kameraet.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Bileta brukar Jan til å fortelje andre om reinen og fjella han er så glad i. Den erfarne gjetaren veit også at fjellet kan gjere stor skade.

Farlege fjell

Blant alle bileta Jan tek, er det nokre vonde minne. Dagar dei helst vil gløyme.

På få sekund kan det ein har jobba hardt for å passe på, gå tapt. Fjellet er fagert, og fjellet er farleg.

Det er to år sidan no, men sit i kroppen framleis.

— Det var som om det hagla rein, seier Jan forsiktig.

18.februar 2014 hadde flokken kome opp på ei fonn i nærleiken av Rustasætre langs vegen over Sognefjellet. Gjetarane såg faren og var på veg for å flytte dyra.

Dei rakk ikkje fram i tide. Utan å kunne gjere noko, vart dei augevitne til at fleire hundre dyr fylgde med snøraset ned den bratte fjellsida.

Eit snøskred har gått og tatt med seg mange reinsdyr. Fleire gevir stikk opp frå snøen.
Foto: Jan Stokstad

330 rein vart tekne. Nokre klarte dei å grave fram i tide, men tapet vart stort. Mange av dyra var drektige simler.

"Og så mista oss nokre verdifulle leiedyr. Det går liksom ein støkk i ein når slikt skjer."

Oppe på himmelen svevar ein annan fare. Når vårsola byrjar å smelte bort snøen, samlar simlene seg for å kalve. Dette veit kongeørna, og ho har svoltne ungar i reiret sitt. Ustødige små firebeina er lette bytte. Gjetarane fylgjer nøye med, men nokre kalvar blir tekne.

— Av og til står mora og ropar på kalven i timevis, jamvel i fleire dagar, før ho må innsjå at den er daud, fortel Geir Egil.

Reinsdyr blir fôret med kraftfôr oppe på høyfjellet.

Geir Egil Slettom med tambukken Iver.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Det kan òg skje at kalvar ikkje maktar å halde fylgje med flokken og blir att åleine. Iver var ein slik kalv.

Bukkerittet over Gjende

Langs breidda av Gjende flammar landskapet raudt, gult og oransje. På kaia står haustferierande i kø for å vere med på ein spesiell båttur.

Jørn og Ola ventar også, saman med Iver. Ein reinsdyrbukk set ikkje sjøbein kvar dag.

Reinscruise er eit av høgdepunkta under Jotunheimen Reinfestival. Om bord er det fullt. Alle vil ta bilete av Iver og gjetarane.

Reinsdyret Iver tar båten på Gjende i Jotunheimen.

Rein set sjøbein. Foto: H.Lillebråten

Det har gått 2,5 år sidan Ola tok med seg den nyfødde kalven heim.

Truleg hadde ikkje Iver overlevd åleine i fjellet. No har han vakse seg stor og trivst med stjernelivet, men å ha ein rein som er så van med folk har ikkje alltid vore enkelt.

Då dei freista å sleppe han saman med Lom tamreinlag sin bukkeflokk i sommar, trakk Iver fort ned til menneska att. Difor får han vere maskot i staden, og i vinter bur han ved turisthytta Bessheim.

Iver har blitt ein del av Ola og Jørn sin forretningsidé. For turistane vil gjerne møte reinsdyr på nært hald.

Håpet er grønt

Snart legg isen seg på Gjende. Det er ikkje kø over Besseggen i desember.

— Vi går fortsatt i luer som er grøne på begge sider, fortel Jørn.

— Det er roleg på Tinder om vinteren.

Signalet er enkelt, og utvikla av Den Norske Turistforening. Raud lue betyr at ein er opptatt, oransje at ein open for kontakt og grøn? Ja, det seier seg vel sjølv.

Kjærleikslivet er kanskje ikkje på topp, men det er gjetarlivet, og det sjeldne yrket vekker interesse.

To menn står i bildet sammen med gjeterhundene siJørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard i Jotunheimen.
Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

— Mange vert nysgjerrige, seier Ola.

— Ein god del vert rett og slett imponerte.

Ola og Jørn håper på å få gjete rein i Jotunheimen i mange år framover. Og sjølv om damene let vente på seg, er ikkje Jørn i tvil om at det å vere tamreingjetar også er eit bra sjekketriks.

— Det er nokså eksklusivt da, veit du, smiler han.

Reinsdyrflokk i snøen i Jotunheimen
Foto: Jan Stokstad

Kjelder:

Fylkesmannen i Oppland. Tamreindrift i Oppland, 2014

Gaute Elvesæter Helland & Jan Stokstad. Tamreinlaga i Sør-Noreg: Ressursutnytting, driftsformer, rettigheitsforhold og utfordringar. Røros, 2004

Olav Kolltveit. Hædersbonden Kristofer Sjurson Hjeltnes 1739-1804: ei slekts-, livs- og gardssoge frå Ulvik i Hardanger. Øystese, 1961

Jon Kolden. 70 år med tamrein: Lom tamreinlag 1926-1996. Lom, 1996

Grete Sjurgard (Red.). Vågå Tamreinlag A/L 50 år. Engers Boktrykkeri A/S, Otta, 1992

www.vaga-fjellstyre.no

www.lom-tamreinlag.no