Hopp til innhold

Sprenging årsaka til Fjelltuntragedien

Tomta i Fjelltunvegen var ikkje rasfarleg før tomtearbeidet tok til. Skredfaren oppsto som følgje av tomtearbeidet, konkluderer "Ålesundsutvalet".

Fjelltunvegen - flyfoto
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

I dag la det regjeringsoppnemnde "Ålesundsutvalet" fram rapporten om Fjelltunulukka. Utvalet konkluderer med at tomta i Fjelltunvegen vart rasfarleg på grunn av arbeidet med utsprenginga av tomta.

Lovendring

- Vi har forsøkt å vere så konkrete som råd, seier Ottar Befring til NRK Møre og Romsdal. Vi foreslår endringar i både bygningslova og i regelverket som følgjer lova. Vi har også nokre vurderingar av tekniske forskrfter, vi ser på utdanninga til bygningsekspertar og vi kjem inn på forhold som har med geologi å gjere, seier Befring.

Fylkesmann Ottar Befring i Møre og Romsdal på rasstedet i Fjelltunvegen.

Fylkesmann Ottar Befring ved skred-tomta i Fjelltunvegen.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Menneskeskapte skråninger

Plan- og bygningslova inneheld i dag ikkje retningsliner for korleis menneskeskapte skråningar i terrenget skal handterast. Dette skal no endrast på, ifølgje Befring. - Vi vil ha Plan og bygningslova meir konkret på dette området. Vi vil ha inn eit kapittel om "vurdering av menneskeskapte skråningar", og vurderingar om korleis vi kan sikre oss at disse ikkje rasar ut, seier Befring.

Gass

Det blir også eit nytt kapittel om korleis gass skal handterast. - Gasstanken var på ingen måte noko årsak til at ulukka skjedde. Men gassinstallasjonane fekk store verknader for den redningsinnsatsen som blei sett i verk etterpå. Det var jo om lag 500 menneske som var evakuerte på grunn av faren for eksplosjon i gasstanken, seier Befring.

For dårleg regelverk ?

Leiar i utvalet, Ottar Befring, avviser at dagens regelverk har vore for dårleg. - Eg vil ikkje seie at det har vore for dårleg. Vi har hatt eit godt regelverk. Men etter kvart som vi møter nye utfordringar må lova og reglane innehalde nye ting. Det er jo difor vi har fått denne oppgåva.

Les heile rapporten frå "Ålesundsutvalet"

Ny bygningslov ved påsketider

Den nye plan- og bygningslova passerer Stortinget ved påsketider. Forslaga som "Ålesundsutvalet" kjem med, vil bli teke inn i arbeidet som Stortinget skal gjere.

Årsak

Ottar Befring seier han trur at utvalet har funne årsaka til ulukka. - Tomta var ikkje skredfarleg før sprengingsarbeidet tok til, seier Befring. Etter at tomta var sprengt ut og massane køyrde vekk, kom ein bort i slepper, forkastingar og leirgrunn. Det blei altså store forandringar i overflata, seier han. Det blei køyrt vekk 8000 kubikkmeter stein. Då sprekker, leire og andre strukturar ikkje blei oppdaga, rasa 2500 kubikkmeter ned frå den bratte skrenten. Skredet pressa bygningen framover, slik at deler av bygningen rasa saman og la seg over gasstanken.

Jakt på syndebukk

Ottar Befring seier til NRK Møre og Romsdal at det ikkje har vore utvalet si oppgåve å peike på kven som har ansvaret for at ulukka kunne skje. Mandatet til utvalet har vore å finne årsaka og å kome med forslag til reglar som kan vere med på å hindre liknande ulukker. - Det som har med ansvar å gjere har ikkje vore vår oppgåve å sjå på, så spørsmål kring ansvarsforhold svarar eg ikkje på, seier Befring. Vi legg fram vurderingar av kva som skjedde, og kjem med forslag til løysingar som vi vonar vil virke, seier Ottar Befring.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL