NRK Meny
Normal

Utval granskar ulykka i Ålesund

- Viktig å hindre at slikt kan skje igjen, seier statsrådar.

Rasulykken i Ålesund
Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Utvalet som skal granske ulykka i Fjelltunvegen den 26. mars er oppnemnt av Kommunal- og regiondepartementet og Justisdepartementet.

- Det er viktig at erfaringane frå denne hendinga vert systematiserte og gjort kjende for andre slik at vi kan førebyggje at liknande ulykker skjer i framtida, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Årsakene til ulykka

Knut Storberget

Knut Storberget

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Redningsarbeidet har etter forholda gått bra. Naudetatane og kommunen har gjort ein kjempejobb. No er det viktig å få vite alt om årsaksforholdet, seier justisminister Knut Storberget.

- Det var 5 menneske som mista livet i ulykka i Ålesund. Det å kunne kjenne seg trygg i sin eigen bustad er grunnleggjande for oss alle. Det er difor viktig å få klårlagt korleis denne tragiske ulykka kunne skje, og kva vi kan gjera for å minska risikoen for at liknande ulykker skjer på nytt, seier statsrådane.

Fylkesmann Ottar Befring

Utvalsleiar Ottar Befring

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

5 medlemmer

Kommunal- og regionalministeren har i samråd med justisministeren sett ned eit utval som skal gjennomgå ulykka i Ålesund og sjå på om det bør gjerast endringar i regelverket.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Ottar Befring, er beden om å leie utvalet. Dei andre medlemmene er:

  • Lars Harald Blikra, forskar i Noregs Geologiske Undersøking (NGU)
  • Marit Heggstad, avdelingsdirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
  • Gustav Pillgram Larsen, assisterande direktør i Statens bygningstekniske etat (BE).
  • Finn Mørch Andersen, seniorrådgjevar i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Utvalet skal starte arbeidet straks. Det har fått frist til 17. november 2008 med å levere rapporten sin.