Aud Davik

Aud Davik må verkeleg brøyte seg veg for å kome inn i granskogen på Fjørtofta.

Foto: Terje Reite / NRK

– Sitkagrana kveler øya vår

FJØRTOFT (NRK): Med stor iver og entusiasme planta folket i havgapet tusen på tusen av ørsmå plantar langs fjøresteinane, langs bekkefara og i tomtegrensene. Staten, fylka og kommunane støtta velvillig opp med pengar og gjødsel. Men trea som skulle gje ly og vern er blitt monster som er i ferd med å ta kvelartak på øya.

Det knasar i konglar, kvister og tørre barnåler under føtene hennar. Skogen av sitkagran dannar ein ugjennomtrengeleg vegg. Men ho vil inn for å sjå korleis øya er blitt forvandla på førti år.

– Dette er ikkje Fjørtofta slik eg kjenner den. Vi kan ikkje levere dette frå oss til neste generasjon, seier Aud Davik og slår ut med hendene. Ho står framfor den 30 meter høge veggen av grantre.

Eit ope og fritt landskap på 60-talet

Då ho kom til øya i 1964 kom ho til ei open øy, med fri sikt til både storhavet, naboøyane og fastlandet. I det opne landskapet gjekk gangstiane på kryss og tvers på øya.

Fjørtoft 1975

Dette er Fjørtofta i 1968, få år før treplantinga tok til. Den gongen var det eit ope landskap med fritt utsyn både til havet og fastlandet. Den gongen meinte nok mange at fleire treklynger kunne gje vern for den harde vinden ute i havgapet.

Foto: Eldar Fjørtoft

Etter omfattande og offentleg finansiert skogplanting rundt 1975 møter ho 30 meter høge vegger av tett granskog.

Det smell igjen i knusktørre grankvistar når ho prøver å kome seg inn i skogen. Ho vil vise fram den brannfarlege skogbotnen. Der det før var lynghei, veks det no berre gaukesyre og mose.

Fjørtofta 2016

Slik ser området på nordsida, ved kyrkja, ut sommaren 2016. Dette er ikkje området med aller mest skog. Likevel er skogspreiinga tydeleg.

Foto: Eldar Fjørtoft

– Eg trur eg må gå baklengs og brøyte meg veg inn, seier ho og bryt ned fleire tørre grankvistar.

Sola slepp ikkje til

Ho børstar av seg barnåler og småkvist. Inne i den mørke skogen slepper sollyset knapt nok til. Ho prøver å sjå opp mot tretoppane og tenkjer på kor fort skogen har forandra øya hennar.

Her er ikkje meir av den naturlege lyngen. Og stiane som gjekk på kryss og tvers av øya er borte.

Fjørtofta på mørekysten ligg omkransa av storhavet. Øya gjer seg klar til dei første hauststormane. Her skal regnet piske og stormen skal ta tak i både folk og fe. Rotveltene i dei nye skogane viser at det skal gode røter til for å stå imot vindkasta.

Fjørtoft

Dette biletet er teke frå det høgste punktet, Æafjellet, på Fjørtofta. Ein må gjerne opp i høgda for å sjå inn til Brattvågen på fastlandet.

Foto: Terje Reite / NRK

Trea skulle gje vern

Skogplantinga på 70-talet skulle gje vern mot vinden. Øya skulle bli lunare. Sauer og kyr skulle få betre ly. Folket fekk vite at til og med temperaturen kunne stige, berre skogen kunne stagge vinden. Ivrig planta dei ut smågraner på berre nokre centimeter.

– Eg trur ikkje dei fekk vite kva slags tre det eigentleg var dei skulle plante, seier Aud Davik og ser seg ikring.

Aud Davik

Aud Davik er oppteken av brannfaren og at ho har mista utsikta. Store tre i nærleiken av både lågspent og høgspentliner var det første ho reagerte på.

Foto: Terje Reite / NRK

Lite visste dei om at få år seinare var trea blitt til kjemper på 20 til 30 meter. Dei veks framleis. Nokre lurer på om dei kan bli 40–50 meter høge ute på den vêrharde Fjørtofta. Og trea spreier seg. Toppane er brune av konglar, og frøa blir spreidde med vinden. I lyngen kjem nye granspirer opp. Der grana gror må dei andre plantane gje tapt.

Kvinnene slo seg saman

Heime på verandaen står Aud Davik og speidar. Før kunne ho sjå Harøya i nordaust. Ho kunne sjå Brattvågen på fastlandet og til andre naboøyar i sør og vest. No stengjer skogen.

– Det første eg reagerte på var då granene vaks seg tett inn på kraftlinjene der nede, seier ho og peikar mot skogen. Dei store trea har lågspentlinja på den eine sida og høgspent på den andre. Det er farleg, seier ho.

Ei anna kvinne hadde gått og sett på den same utviklinga. Og ei tredje slutta seg til. Dei danna ei arbeidsgruppe. Etter kvart at dette utvikla seg, og folket på øya har starta Fjørtoft skogryddingslag.

Aud Davik leitar fram permane frå skogryddingslaget. Sirleg er kvart einaste felt med sitkagran teikna inn på kart. Og ho viser fram lange lister over grunneigarar som no har sagt at dei kan vere interesserte i å vere med på å fjerne sitkagrana

No har vi fått ja til å fjerne 5000 sitkagraner. Men det er berre ein liten del av alle granene som veks på øya no, fortel Aud Davik.

Laget arbeider no med å få endå større oppslutnad lokalt om å fjerne graner, med praktisk arbeid for å få hogsten i gang, og med å stille krav til styresmaktene om hjelp til fjerninga.

Økonomien er problemet

Det er ikkje nok berre å ha fått ja til å fjerne 5000 sitkagraner. For det er slett ikkje gratis å få fjerna sitkagrana. Grana er planta som leplanting, noko som fører til både skeive graner, graner med sterkt spenn i og graner med svært mykje kvist.

Slik situasjonen er i dag kostar det meir å fjerne granene enn det dei representerer i salsverdi.

Vi set vår lit til ein avtale med eit firma som har ein stor lekter som kan kome til øya vår. Då kan vi få tatt ned granene, utan at det treng å koste oss så mykje. Men då må fleire øyer og bygdelag vere med. For øya vår er nok for liten åleine, seier Aud Davik.

Energihogst lekter

Dette er draumen til folket på Fjørtofta. At ein lekter av denne typen skal kome til øya og ta med seg sitkagranene.

Foto: Energihogst

Sagbruka vil ikkje ha tømmeret

Det er firmaet Energihogst folket på Fjørtofta set sin lit til. Dagleg leiar Ole Andres Aunet har vore på Fjørtofta og har sett på skogen der.

Lekter Energihogst

Folket på Fjørtofta ønskjer å få besøk av denne lekteren. Men då må dei ha fleire øyar og bygdelag med seg.

Foto: Energihogst

– Dette er skog med mykje kvist, og av ein kvalitet som sagbruka er lite interessert i, seier han.

Energihogst har den einaste flytande skogsplattforma i sitt slag i Europa. Med denne flytande lekteren er ikkje Energihogst avhengig av store kaianlegg for å kunne skipe tømmeret vidare.

– Vi har spesialisert oss på å kunne ta hogstområde som er vanskeleg tilgjengeleg, på øyar og i veglause område. Slik sett kan ei øy som Fjørtofta vere interessant for oss. Men Fjørtofta blir for liten åleine, seier Aunet til NRK.

Fjørtoft

Eit vanleg syn på Fjørtofta. Huset er omkransa av høge sitkagraner.

Foto: Terje Reite / NRK

– Villmink og sitkagran er like gale

Kjetil Fjørtoft

Kjetil Fjørtoft: Sitkagrana og villminken formeirer seg som løvetann.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

På Handelslaget har fleire medlemer frå skogryddigslaget samla seg. Nokre er opptekne av utsikta som dei har mista. Andre er mest opptekne av branntryggleiken.

Vi har fått to ting frå Canada. Det eine er mink og det andre er sitkagrana. Og begge dele er like gale. Dei formeira seg verre enn løvetannen, seier Kjetil Fjørtoft.

Dei andre skrattar og ristar på hovudet. Kari Fjørtoft tek ordet, og legg vekt på miljøargumenta.

Sitkagrana er eit treslag som fortrengjer andre artar. Slik det har utvikla seg er det ikkje i samsvar med å halde oppe busetnad her. Brannfaren aukar, vassleidningar og telekablar blir øydelagde og røtene set oldtidsminne i fare, seier ho.

Fleire i skogryddingslaget var med på plantinga i 1975. Men lite visste dei at granskogen skulle vekse så fort og bli så stor.

Kari Fjørtoft

Kari Fjørtoft legg vekt på at sitkagrana fortrengjer andre artar.

Foto: Søyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Eg var med på plantinga. Men ingen trudde at det skulle bli slik som dette. Her ute på Fjørtofta trudde vi vel helst at det var uråd å få store plantar til å vekse i det heile teke, seier Eldar Fjørtoft.

– Dugnad for å fjerne sitkagrana

Øystein Folden i Naturvernforbundet grev i skogbotnen. Han finn berre tørre barnåler og insekt. Alt anna liv er borte. Også Naturvernforbundet kastar seg inn i kampen mot sitkagrana. Dei siste åra har denne gransorten vore omtala som «pøbelgran». Grana skuggar for lyset, tek all næring og sørgjer for at den naturlege vegetasjonen i området forsvinn.

– No må Noreg slutte å plante sitkagran, og den som alt er utplanta må fjernast. Dei som sto for plantinga den gongen må gå i spissen for å få fjerna sitkagrana, når vi no ser kor ille det har blitt. I tillegg trengst det ein dugnad der alle er med, seier Øystein Folden i Naturvernforbundet.

– Kva er dei verste følgjene om sitkagrana for halde fram med å vekse?

– Då får vi ein skogbotn som er nesten heilt daud. Mange stader medverkar sitkagrana til auka rasfare. Og trivselen blir øydelagt der det før var opne område.

Øystein Folden
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sitkagrana bidreg positivt

Landbruksminister Jon Georg Dale er på turné i heimfylket Møre og Romsdal. Frå fastlandet der prestisjeprosjektet på europaveg 69 skal krysse Romsdalsfjorden kan han sjå øyane i havgapet i det fjerne. Han avviser at skogplantingsaksjonane etter krigen bygde på forfeila politikk.

Jon Georg Dale

Landbruksminister Jon Georg Dale er oppteken av skogbruket. Her er han under markeringa av at tømmerkaia i Ørsta skal byggjast ut.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

– Det er i alle fall unyansert å seie at dette var forfeila. I Noreg har vi bygt verdiane våre på å forvalte naturressursane. Men sitkagran, som all annan skog, treng pleie om den ikkje skal bli eit problem over tid. Også sitkagrana har medverka til positiv verdiskaping, seier Dale til NRK.

– Vil landbruksstyresmaktene medverke til å få fjerna sitkagran?

– Det er grunneigarane som eig skogen. Dei er også ansvarlege for skogen. Det er heldigvis slik i Noreg at det er privat eigedomsrett. Det er ikkje staten som bestemmer over vanlege folk sin eigedom. Grunneigarane har sjølve eit ansvar for å handtere denne situasjonen, svarar landbruksministeren.

Fjørtoft skogryddingslag

Aud Davik, Kjetil Fjørtoft, Gunnvor Fjørtoft, Joveig Otterlei, Astrid Fjørtoft og Eldar Fjørtoft er samde om ein ting: Det har blitt alt for mykje sitkagran på Fjørtofta.

Foto: Terje Reite / NRK

– Saknar utsikta

Praten rundt bordet på handelslaget går livleg. Det er kaffi i krusa. Butikken er samlingspunktet for det meste som skjer på Fjørtofta. Undervegs blir det også litt tid til å planlegge den neste basaren på øya.

Eg vil så gjerne få sjå ned mot sjøen igjen, seier Gunnvor Fjørtoft. Sjøen, det er det vi har her ute på øya. Eg vil sjå båtane, ferja og det flotte cruiseskipa som seglar forbi her om sommaren.

Vi ser ikkje sjøen lenger. Og det hadde no vore kjekt å kunne sjå bort til naboen igjen, seier Joveig Otterlei.

– Eg er mest oppteken av at nokre av trea er farlege. Dei er store og når det verkeleg bles kan dei falle over både hus og kraftliner, seier Astrid Fjørtoft.

Langs heile kysten

Fjørtofta er ikkje åleine om å bli nedgrodd av sitkagran. På øyar og knausar langs heile norskekysten har vaksne og barn sett småplantar ned blant lyng og einer. På få tiår har trea vakse seg høge, spreidd seg og endra landskapet.

Sidan 1800-talet er sitkagrana i første rekkje planta langs kysten. Ho toler sjøsprøyt betre enn mange andre treslag I Nordland legg sitkagrana beslag på 137 000 dekar. Deretter følgjer Hordaland med 66 000 dekar og Møre og Romsdal med 61 500 dekar. Kvart år gjev tilveksten ein auke på 600 000 kubikkmeter. Det største volumet er skog som er 30 – 40 år gamal.

Utbredelse av sitkagran

Staten ryddar i naturreservat

Heilt vest på Fjørtofta ligg Fjørtoftneset. Her går sauene og beitar. Dei held landskapet ope. Men også her blei det planta sitkagran på syttitalet. I 2006 blei området gjort om til naturreservat. Alt til vinteren skal fylkesmannen fjerne all sitkagran i dette området.

Ola Betten

Ola Betten i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Sitkagrana er ein innført plante som er uønska i naturreservat. Vi har inngått avtalar med fleire entreprenørar som skal fjerne slike uønska plantar i slike område, seier Ola Betten hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Så også Fylkesmannen ser at skogplantingspolitikken i tiåra etter krigen var ein forfeila politikk?

Ja. Du får ulike meiningar om dette, alt etter kven du spør. Men vår haldning er at plantinga fekk uønskte følgjer, og vi vil rette opp dette i naturreservata. Plantinga på syttitalet blei gjort på ein måte som ikkje hadde skjedd i dag. I dag må ein søkje om å setje ut sitkagran til skogbruksformål og dei aller fleste søknadene blir avslått, seier Betten.

I Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland er det også gjennom jordbruksavtalen sett av 20 millionar kroner årleg som kan brukast til skogrydding for å betre utsikta. Skogryddingslaget på Fjørtofta har søkt på desse midlane.

Drøymer om å sjå havet

Aud Davik viser fram eit bilete som var teke på den tida ho kom til øya. Vanlegvis heng det på veggen i stova heime. Men for verkeleg å understreke kor øya har endra seg har ho teke det med seg i bilen sin.

Sjå, seier ho. Slik var det på øya vår før skogplantinga tok heilt av. Eg håper vi skal klare å få tilbake øya vår, med eit fritt og ope landskap seier ho.

Aud Davik

Aud Davik har mista utsikta si. Men eit bilete frå 60-talet viser korleis øya Fjørtoft ein gong var.

Foto: Terje Reite / NRK