Hopp til innhold

Vil legge det vanskelege året bak seg

Frontvokalist Ingrid Helene Håvik og resten av nye Highasakite er klar for noregsturne med ny musikk. Håvik vil legge den bitre bandstriden bak seg.

Ingrid Helene Håvik

Highasakite består no av medlemane Ingrid Helene Håvik og Trond Bersu. Dei får med seg ulike livemusikarar når dei no legg ut på noregsturné neste år.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

På Vinjerock i sommar spelte Highasakite sin første konsert sidan hausten 2017. No er bandet, som består av Ingrid Helene Håvik og Trond Bersu, tilbake for fullt og legg ut på turné i mars 2019.

Med dei nye singlane «Out of Order» og «Elastic State of Mind» ønskjer dei å vise ei ny side av Highasakite.

– Denne gongen har vi laga lydbildet sjølv og Trond har vore produsent. I tillegg har vi leig inn forskjellige folk til å gjere ting vi ikkje speler sjølv eller for å få inn ekstrakompetanse, seier Håvik.

– Ein lei situasjon

Highasakite har gitt ut tre plater, vunne Spellemannsprisar og opplevd stor suksess både i inn- og utland. Men det har ikkje vore berre lett for det populære bandet. Dei siste åra har også vore prega av konflikt. Allereie våren 2017 begynte rykta om problem i Highasakite. Etter mykje spekulasjonar blei det i fjor klart at medlemane Kristoffer Lo, Marte Eberson og Øystein Skar ikkje lenger skulle vere ein del av bandet.

I ettertid har konflikten mellom medlemane i størst grad handla om rettane til bandnamnet. Dette skjedde etter at Håvik registrerte varemerkenamnet Highasakite som privatperson hos Patentstyret, noko Lo, Skar og Eberson klaga på. I august gav Patentstyret rettane til selskapet Highasakite DA, som er eigd av alle bandmedlemane, samt trommeslagar Trond Bersu.

Ingrid Helene Håvik

Ingrid Helene Håvik vil legge konflikten i bandet bak seg, og er no klar med ny musikk og noregsturné.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Håvik fortel at situasjonen har vore utfordrande, men at ho har prøvd å halde fokus på musikken, medan advokatar og andre i apparatet til bandet har tatt seg av resten.

– Det har ikkje alltid vore kjempegøy. Det har sjølvsagt vore ein lei situasjon. Men det har også vore bra, sjølv om det høyrast litt kjenslelaust ut. Vi har fått jobba på den måten vi ville og laga den musikken vi ønskja, seier ho.

– Det har vore ei sjølvrealisering i form av at vi kunne lage akkurat det vi hadde lyst til, held ho fram.

Klar for noregsturné

Frå mars speler bandet konsertar i Bodø, Tromsø, Bergen, Stavanger, Oslo Spektrum, Ålesund og Trondheim. Med på turnéen blir det nytt materiale og ein storslått liveproduksjon.

Ingrid Helene Håvik

Ingrid Helene Håvik var på plass i Ålesund i dag for å offentleggjere dei nye turnéplanane. I april speler ho på heimebane på Sparebanken Møre arena. Det er første gong ein lokal artist skal fylle denne arenaen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har starta å øve inn eit nytt liveshow og kjem til å halde fram med det til turnéstart, seier Håvik.

Ho utelukkar ikkje at det kan bli fleire konsertar i det komande året. Kanskje også ein verdsturné.

– Vi har planar, men dei er ikkje offentleggjorde enno, seier Håvik med eit smil.