– Det er i alle fall viktig å få endra på selfangsten slik den er i dag. Elles blir den borte om kort tid.
Det seier Arne Bjørge frå Havforskningsinstituttet.
Han er ein av mange som deltek på Brandalkonferansen torsdag og fredag denne veka. Konferansen er på Ishavsmuseet Aarvak, og har samla selfangstnæringa.
Dei vil finne ut kva som må til for å få i gang igjen næringa.
Arne Bjørge frå Havforskningsinstituttet håper på ny selfangst i Noreg.
Foto: Gunnar Sætra / Havforskningsinstituttet– Lang tradisjon
Bjørgen fortel at det er ei sterk auke i talet på Grønlandssel på Vestisen. Han støttar ideen om ei Sunnmørsk selskute.
– På Sunnmøre har vi lang tradisjon for å drive selfangst lønsamt, så dette kan vere eit viktig tilskot til dagens næring, meiner Bjørge.
Utfordringane er derimot på plass.
– Den største utfordringa er subsidieordninga.
– Båtane går ut etter subsidiane i staden for produkta, slik det var før, seier Bjørge til NRK.no.