Hopp til innhold

Kaoset på Moldefjorden: – Usikkert når ferjene kjem i drift igjen

To av fire ferjer er ute av drift i eitt av landets største ferjesamband. Reiarlaget Boreal veit ikkje når ferjene kjem i drift igjen

MF Preikestolen på plass som ekstraferje mellom Molde og Vestnes

«MF Preikestolen» er på plass som ekstraferje mellom Molde og Vestnes. No er det tre ferjer i trafikk over fjorden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Medan køane vaks jobba leiinga i ferjereiarlaget Boreal på spreng torsdag ettermiddag. I eitt av landets største ferjesamband har to av fire ferjer brått takka for seg.

Like før klokka 17 blei reserveferja MF Preikestolen sett inn i sambandet og køen minka.

Furneset-folk

Tale Skjegstad og sonen Lloyd var på veg til Molde for å rekke eit fly til Oslo.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tale Skjegstad var på veg til Oslo på jobbsamling. Då ferjekaia på Vestnes i Romsdal var i ferd med å fyllast, stod ho langt bak i køen.

– Eg skal ta fly til Oslo på ein konferanse, eg kjenner eg blir litt stressa, seier ho.

Løysinga blei å sette igjen bilen på kaia og gå om bord i ferja.

–Det var krisestemning då ferja ikkje gjekk. No er eg nøgd, seier Skjegstad som likevel rakk flyet.

Mykje trafikk

Ferjesambandet på E39 er hovudvegen langs kysten på Vestlandet.

Det er venta mykje trafikk på vegane i Møre og Romsdal i helga, og torsdag kveld er 18. 000 personar på Green Day konsert i Ålesund.

Vi håpar at reserveferja vil hjelpe til å ta unna trafikken over Moldefjorden, seier Fadnes.

nytt-furneset

Køen på Furneset på Vestnes strakk seg fleire hundre meter oppetter vegen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Jobbar på spreng med feilsøking

Det var midt i ettermiddagsrushet at to av ferjene takka for seg. Ei av ferjene er slått ut av ein defekt thruster, den andre av feil med det elektriske anlegget, opplyser Boreal.

– Det er veldig uheldig og frykteleg beklageleg. No må vi berre gjere det vi kan for å få ferje i drift igjen, seier kommunikasjonsansvarleg Jon Kristian Fadnes i Boreal.

Han seier dei no gjer det dei kan for å løyse floken.

– Vi har servicepersonell på veg, vi jobbar på spreng med feilsøking. Det er for tidleg å seie kor lang tid det vil ta å utbetre feila, seier Fadnes.

Det er ikkje uvanleg at ei ferje kan få tekniske vanskar, men ifølgje Fadnes er det svært uvanleg at det råkar to på ein gong.

Jon Kristian Fadnes, Boreal

Kommunikasjonsansvarleg Jon Kristian Fadnes i Boreal seier dei jobbar på spreng med å løyse floken.

Foto: Boreal

Ber folk følgje med

På ferjekaia i Molde tok ikkje Ole Christen Landaas forseinkingane så tungt.

– Ein får slikke sol, sjå på båtane og kose seg, seier han.

Ole Christen Landaas soler seg og venter på fergekaia i Molde

Ole Christen Landaas lét seg ikkje stresse og brukte tida til å sole seg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ferjesambandet mellom Molde og Vestnes har ein døgntrafikk på over 2000 bilar. Stopp midt i ettermiddagsrushet skaper fort store problem.

Ferjeselskapet ber dei reisande om å følgje med på oppdaterte trafikkmeldingar. Førebels er det omkøyring via Sølsnes-Åfarnes. Også her var det køar torsdag ettermiddag, som følgje av ferjetrøbbelet på Moldefjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL