Søndag døypte Therese og Arild Blindheim frå Tennfjord vesle Sebastian og hadde familieselskap heime. I god sunnmørsk tradisjon ville dei ha eit godt utval av kaker og bestilte to frå det lokale bakeriet Valaker. Sjølve dåpskaka kjøpte dei frå eit anna bakeri.
– Dei fleste gjestane kommenterte at marsipankaka var så tørr, samanlikna med den saftige dåpskaka frå det andre bakeriet. Kaka kjendest ut som den var laga for tre dagar sidan, seier trebarnsmora.
Heller ikkje den andre kaka frå Valaker, med bringebær på toppen, smakte slik den skulle, ifylgje Ekroll.
Sebastian vart døypt på søndag, og Therese Ekroll Blindheim gledde seg til kakefesten.
Foto: privatLeverte inn att kakene
Fleire av gjestane meinte at ho burde klage på kakene, sidan ho trass alt hadde betalt 1100 kroner. Ho ringde til bakeriet måndag og fekk beskjed om å levere inn kakene hos den lokale daglegvarebutikken, som bakeriet har avtale med. Ekroll fekk inga beklaging, men lovnad om at dei skulle kike på saka.
Onsdag hadde Ekroll framleis ikkje høyrt noko frå bakeriet, sjølv om ho hadde lagt att nummeret sitt. Ho gjekk difor inn på facebooksidene til bakeriet og skreiv at servicen var for dårleg. Ho la også att ein omtale av bakeriet med terningkast to.
Gjestane meinte at marsipankaka var tørr.
Foto: privatFekk hakeslepp
På kvelden såg ho plutseleg at bakeriet hadde lagt ut bilete av kakene hennar, saman med eit langt innlegg der dei spurte om kundane alltid har rett. Valaker hadde delt ut smaksprøver av kakene hennar til kundane på kjøpesenteret Moa.
– Eg fekk hakeslepp. Er det mogleg å vere så uprofesjonell, seier Blindheim.
På facebooksidene skriv Valaker at dei ikkje fann noko gale med kakene og at dei ville teste kakene på vanlege folk og spør om kakene fall i smak.
«Godt var det at konditormesterens gane var samenfallende med folkets stemme», står det på sidene til bakeriet, saman med bilete av folk som fekk gratis smaksprøve.
Beklagar måten
Liv Valaker Røren seier at saka burde ha blitt behandla på ein annan måte.
Foto: Maria Kristina Vevang / NRKDagleg leiar Liv Valaker Røren innrømmer at det var feil kundehandtering og at saka skulle ha blitt løyst på ein annan måte.
– Innlegget vart skrive i frustrasjon etter anmeldinga på Facebook. No håper eg at vi kan møtast og rydde opp, seier Valaker Røren. Ho seier at det ikkje var meininga å mobbe og beklagar dersom Blindheim føler seg uthengt. Røren seier at kundane alltid skal bli tatt på alvor og dei ynskjer å gi henne ein reklamasjon.
Therese Ekroll Blindheim har ikkje ynskje om å treffe Røren.
– Når dei heng oss ut i sosiale medium, før dei tar kontakt med meg, er det ikkje greitt, seier Blindheim.
Sletta Facebook-posten
Torsdag i 12-tida valde Valaker å slette Facebookposten. Fram til dette tidspunkt var det svært stor trafikk på Facebook-sida til Valaker, der mange skreiv si meining om korleis bakeriet hadde handtert den misnøgde kunden. Dei aller fleste var kritiske til bakeriet.
Her er ein skjermdump av korleis Facebook-posten såg ut før han vart sletta: