Sunnmøre tingrett fann ikkje grunn til å varetektsfengsle han, men avgjerda vart anka av politiet.
No har Frostating lagmannsrett gitt politiet medhald, og mannen blir varetektsfengsla fram til 22.november.
Les også:
I ei pressemelding som politiadvokat Unni M. Vikebakk har sendt ut fredag ettermiddag kjem det fram at legen frå Hedmark er fengsla i 4 veker med 2 veker brev og besøkskontroll.
Sikta for nye forhold
Personen har det siste døgnet vore i politiets varetekt, etter at han på nytt vart pågrepen, torsdag 28.10.10 kl 14.00, etter at han vart sikta for nye forhold.
Bakgrunnen for den nye pågripinga var analyse og funn som vart gjort i beslaget i etterkant av at Sunnmøre tingrett sat fri den sikta.
Funna var av ein slik art at pågripinga ikkje kunne utestå til Frostating lagmannsrett hadde handsama politiet si anke. Politiet vil ikkje gi ytterlegare kommentarar om den siste siktinga.
– Så langt i etterforskinga, er det gjort funn som underbyggjer ytterlegare politiets opprinnelege begjæring om varetektsfengsling, heiter det i pressemeldinga.
Fleire hundre fornærma
Blant funna er det så langt opplysninger om at politiet kan stå overfor ei sak med opp mot 200 fornærma personar, knytta til alle landsdelar.
Politiet er framleis svært interesserte i tips. Det er oppretta ein eigen tipsteneste. Denne kan ein finne på følgjande adresse: tips.kripos.no