Hopp til innhold

Trua jenter og mann

Den 38-år gamle overlegen frå Hedemark skal ha fått ein mann frå Ålesund til å sende pikante bilete av seg sjølv, for deretter å ha pressa han til å betale eit større pengebeløp.

Video Tilstår utpressing

Ein 38 år gammal overlege frå Hedmark har i dag erkjent både truslar mot ein annan mann og å ha fått mindreårige til å sende seg seksuelle bilde.

Han har brukt falsk identitet for å kome i kontakt med dei.

Pågripen måndag

Politiet har etterforska saka sidan september, og pågreip mannen i arbeid på Dombås måndag.

– Saka har forgreiningar til heile landet, men starta i Ålesund, fortel politiadvokat ved Sunnmøre politidistrikt, Unni Moen Vikebakk.

38-åringen skal ha fått pikante bilde av denne ålesundsmannen ved å utgi seg for ein annan enn den han var, og seinare trua han altså mannen for å få han til å betale han 120.000 kroner. Då gjekk den fornærma til politiet i Ålesund og meldte han.

Les også:

Større enn antatt

Då etterforskinga starta, viste det seg at 38-åringen har oppretta fleire mobilabonnement i andre sine namn, og at saka var mykje større enn først antatt.

Jentene han skal ha kontakta har vore mellom 11- og 16 år. Han har trua dei til å levere stadig grovare bilete av seg sjøl og andre.

Omfattande

I tillegg til politidistrikta i Ålesund, er Hedmark, Gudbrandsdalen, og Romerike også involvert i etterforskinga.

Det er mellom anna beslaglagt ein skarpladd pistol, fleire legejournalar som politiet stiller spørsmål ved, og også barnepornografi. Politiet er sikre på at siktinga blir utvida. Det dreier seg både om andre menn og unge jenter. Poltiet fekk ikkje medhald i varetektsfenglsing av mannen i ettermiddag og har anka saka til Lagmannsretten.

– Det tykkjer eg er svært uheldig, og ventar til lagmannsretten har sagt sitt. Vi er redde for at det kan gå utover etterforskinga, seier Vikebakk.

– Har ikkje utnytta legeposisjonen

– Mannen skal ikkje ha utnytta sin posisjon som overlege når han skal ha fått dei mindreårige jentene til å sende han bilder og filmar, seier mannens forsvarar Svein Tømmerdal.

Han seier 38-åringen, som er gift og har barn, tek saka tungt.

Sleit med gjeldsproblem

Tømmerdal seier vidare at mannen hadde store gjeldsproblem, og at dette var grunnen til at han tydde til utpressing av ålesundsmannen.

Ifølgje Tømmerdal skal ikkje den sikta ha pressa andre enn ålesundsmannen i saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL