Hopp til innhold

Utkledd krabbe

Sjå på denne utspjåka skapningen som blei fiska ved Bjørnøya i Haram. Kjenner sjødyrekspert Jan Einarsen denne krabben?

Pønkerkrabben
Foto: Dagfinn Værnes

"Her er ein pønkarkrabbe eg fiske 26. april ved Bjørnøya," skriv Dagfinn Værnes, som ikkje har sett ein slik krabbe før.

Kamuflasje

Men det har akvarist Jan Einarsen.Han fortel at dette er ein pyntekrabbe (hyas araneus). Pyntekrabben er vanleg langs heile norskekysten, og pynten han tek på seg, er rett og slett kamuflasje. Her var det nok mykje grønt på botnen, men dersom denne krabben kom inn i eit område med brune algar, ville han finne noko brunt å smykke seg med i staden.

Ser seg omkring

Jan Einarsen fortel at han har vore med på å gjere forsøk med pyntekrabbe. Då brukte dei sugerøyr med ulike fargar. Det er tydeleg at krabben ser seg omkring, og så plukkar han det kamuflasjemateriellet som høver best. På skjoldet sitt har han eit klebestoff og nokre tynne krokar som han festar kamuflasjen med.

Treg

Kvifor gjer ikkje andre krabbar det same? Truleg fordi dei ikkje har bruk for det - dei er nemleg raskare enn pyntekrabben, som er litt treg av seg og har vanskelegare for å rømme frå fiendane sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL