Venninnene Lydia Øyehol (8) og Emilie Leona Hoff (7) er på biblioteket i Ålesund for å finne noko å lese i ferien.
– Vi kjem til å lese ganske mykje i sommar. Det er gøy.
Magiske amulettar, troll og sterke heltar
Emilie Leona skal halde fram med serien «Amuletten» av Kazu Kibuishi – ho har allereie lese sju av ni bøker.
– Det handlar om Emily som har ein magisk amulett. Bøkene er spanande, det skjer noko heile tida.
Ho vil også anbefale «Esters Univers» av Oda Valle, medan Lydia (8) trekk fram «Nordlys»-bøkene av Malin Falch som ein favoritt.
– Det handla om eit troll som prøver å ete menneske, og vikingar som angrip.
Katrine Solberg anbefaler «Håndbok for superheltar» til barn med same smak som Lydia og Emilie.
Foto: Silje Thalberg / NRKAnbefaler bøker utanfor topplistene
Katrine Solberg, fagansvarleg for barn og unge ved Ålesund bibliotek, vil trekke fram nokre gode bøker som ikkje ligg på topplistene.
– Bjørn Rørvik er mest kjent for «Bukkene Bruse på badeland», men han har også skrive andre gode bøker som ikkje har fått like mykje merksemd. Serien om reven og grisungen er full av lun humor, og passar for barn frå tre år og oppover – og faktisk òg for vaksne.
Katrine Solberg har mange gode bøker på lur for leseglade barn i alle aldrar.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKFor dei aller yngste trekk Solberg fram nokre litt eldre bøker som er heilt topp for høgtlesing.
– «Johannes Jensen»-bøkene av Henrik Hovland er kjempefine. Dei handlar om ei krokodille som opplever situasjonar barna kan kjenne seg igjen i. Eg er veldig glad i desse bøkene.
– Ei god bok set i gang noko
Barnebøkene til Maria Parr har fått strålande kritikkar og vunne fleire priser. Forfatten har sjølv gode minner frå barndommen da ho leste sine kilometer med «Hardy-guttene»-bøker.
– Men bøkene til Astrid Lindgren står i ei isærstilling, med «Ronja Røverdatter» som den store favoritten, seier Maria Parr.
Maria Parr meiner at kjenneteikna på ei god barnebok er dei same som for ei god bok for vaksne.
Foto: Julia Marie Naglestad: / SamlagetHo fortel at ei god bok gjer at ho får lyst til å gjere noko. Ho ser ofte det same hos barn.
– Når ei bok treff, finn ho vegen ut i liva deira. Vi ser boka igjen i leik, teikning, skriving, spørsmål eller i handling. Og når vi les gode bøker høgt, og gjerne fleire i lag, så blir desse opplevingane ofte enda sterkare, seier forfatteren frå Vanylven.
Spenning og mysterium
Monica Bergmann hos Ark i Ålesund har mykje personleg erfaring etter å ha lese høgt for dei seks barna sine og har god kontroll på kva barn likar å lese sjølve.
Ho anbefaler «Musse & Helium»-bøkene av Camilla Brinck. Dei er retta mot barn i skulealder og oppover, men er også svært populære som høgtlesingsbøker for yngre barn.
– Det handlar om to mus som leitar etter foreldra sine, og på vegen møter dei ulike figurar som hjelper dei. Det er både spenning og humor – heilt super underhaldning.
Monica Bergmann opplever stadig vekk at vaksne spør etter neste bok om Musse & Helium fordi dei synest bøkene er minst like spennande som barna gjer.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKHo anbefaler også bokserien «Detektivbyrå nr. 2» av Jørn Lier Horst.
– Bøkene handlar om to vener som løyser mysterium, og kvar bok er ei avsluttande historie. Dei passar godt for skulebarn, og er også fine for dei som nettopp har knekt lesekoden – med stor skrift, bilete og passe mengd tekst. Utan tvil kjempebra bøker.
– Går rett i hjartet
Hos Norli på Ålesund Storsenter har butikksjef Anne-Marthe Rekdal ein personleg favoritt:
– «Pax» av Sara Pennypacker. Ei forteljing om ein gut og reven hans, vennskap og barndom, familie og krig - og den går rett i hjartet. Den passar frå 9 år.
Ho nemner også «Felix har følelser» av Charlotte Mjelde og «Den fantastiske bussen» av Jakob Martin Strid.
– Og så kjem Maria Parr med ny bok i august, og det gler vi oss skikkeleg til!
–«Den fantastiske bussen» er ei fargerik forteljing for barn som dei vil ha med seg heile livet, seier Anne-Marthe Rekdal.
Foto: Vigmostad & Bjørke