Stopp i ferjetrafikken
Fleire ferjeavgangar har vore innstilte på strekninga Molde-Vestnes natt til laurdag.
Ifølge Boreal fekk eit vogntog tekniske problem på køyrebrua ved ferjekaia i Molde. Dette samtidig med at delar av vogntoget framleis var om bord i ferja.
Den første ferja som vart innstilt skulle gå klokka 03:55.
NRK får laurdag morgon opplyst at ein bergingsbil har fått fjerna vogntoget.
Boreal seier at det var normal drift igjen i sambandet frå klokka 06:50.
Molde-Vestnes er eitt av dei mest trafikkerte sambanda i landet.