Stortinget opna i dag fredag klokka 13.00
Gardistar og raud løpar
Oslo sentrum bar sterkt preg av at det skulle gå føre seg noko heilt spesielt i dag. Langs heile Karl Johan frå Slottet til Stortinget stod gardistane oppstilt på begge sider av gata. Frå Karl Johan og inn på Stortinget gjekk det raud løpar. Klokka 13 kom Kongen.
- Då stemmer vi i med Kongesongen, fortaslde Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve (H) før Stortingsopninga i dag.
Etter sangen las Kongen trontalen og den yngste av statsrådane las utgreiinga om tilstanden i riket.
Kriblar i magenDet er første gongen Oskar Grimstad (FrP) har vore med på ei slik opning. Før opninga fortalde han at det kribla litt i magen.
- Dette er høgtid og det er festivitas, fortel Grimstad. Det er kanskje endå meir høgtidleg enn det eg forestilte meg. Og eg meiner det skal vere høgtid når nasjonalforsamlinga opnar, seier Grimstad.
Bunad og drakter
Mange av representantane hadde teke på seg bunaden sin i dag. Både Elisabeth Nørve og Oskar Grimstad seier det er forventa at representantane skal vere presentabelt kledde.
- Eg skulle vel ha hatt på meg Sunnmørsbunad i dag, men det vart ei enkel drakt, ler Elisabeth Nørve. Nei, det har nok vore litt fuktig i klesskapet, så bunaden har nok krympa litt, skrattar ho.
Det vart ikkje bunad på Oskar Grimstad heller denne gongen. Men han slo til med lokal norsk design.
- Eg har vore på studioet til Hugo Opdahl og kjøpt meg ein Moods of Norway-dress, kan Grimstad fortelje.
Stort
Dagen er gjerne ekstra stor for Oskar Grimstad og dei andre nykomarane på Stortinget. Han gjekk på talarstolen for første gong i trontaledebatten under Stortingsopninga i dag. Innlegget hans handla om energisituasjonen i Midt-Noreg.
- Ja, det å få lov til å vere med på dette er stort.