Mykje snø kan gjere det vanskeleg for brannbilane å kome fram. Det seier brannsjef Geir Thorsen i Ålesund brannvesen.
Når det i tillegg står bilar parkerte i gater med mykje snø kan det medføre problem for brannbilane, seier Thorsen.
Travel dag
Nyttårsafta er normalt ein travel dag for brannfolka. Forbodet mot rakkettar med styrepinnar som vart innført i fjor har likevel redusert brannfaren, ifølgje Thorsen.
- Vi er glad for at desse rakettane er borte. Det var mykje uvettig bruk, der folk heldt dei i pinnen og fyrte av. Forbodet har redusert talet på branntilløp etter forbodet, seier Thorsen
Synfaring
I dag skal brannvesenet i Ålesund ut og sjå kvar det er verst å kome fram, men ifølgje Thorsen har snøen også sine fordelar.
- Ja, snøen er med på å redusere brannfaren, så på den måten er det positivt, seier Thorsen.
Råd
Og brannsjefen har klare råd til dei som skal skyte opp fyrverkeri i kveld.
- Bruk verneutstyr som briller, ha god avstand og førebu godt utskytingsplassen. Og ikkje minst lese rettleiinga som står på pakkane.