NRK Meny
Normal

Slik er situasjonen i fjellet ovanfor campingplassen

Onsdag fekk ordførar i Norddal kommune overlevert rapporten som viser korleis situasjonen er i fjellet ovanfor campingplassen i Tafjord.

Knust til pinneved av ras

Geologar monterte radar i fjellet der steinspranget gjekk førre torsdag.

Foto: frode Berg / NRK

Det var torsdag førre veke at det gjekk eit steinsprang ved Tafjord camping i morgontimane. Ti campingvogner blei knust av dei enorme steinane.

For å vurdere stabiliteten i fjellsida monterte Åknes/Tafjord Beredskap ein bakkebasert radar (InSAR teknologi) dagen etter skredet.

Resultata frå radaren kom onsdag ettermiddag.

– No er det lov å bevege seg fritt på campingplassen, seier ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal kommune.

Det har i fleire dagar no vore restriksjonar på å bevege seg i området.

LES OGSÅ: – Ingen må ferdast i dette området

Bjørn Inge Ruset

Ordførar i Norddal kommune Bjørn Inge Ruset.

Foto: Trond Vestre / NRK

Slik som Åknes Tafjord Beredskap vurderer det er det ikkje farleg å ferdast i området der no.

Dei skriv i rapporten sin at «det blei målt ei rørsle på 1-5 mm/døgn i ura rundt 170 høgdemeter under løsneområdet, men dette utgjer ingen fare mot campingplassen.

Det er indikasjonar på bevegelse i spreidde blokker like under løsneområdet, men det ser ikkje ut til å vere bevegelsar i noko større fjellparti».

– Men der det er fjell og stein så er jo det av og til slik at det fell ned stein. Så med alminneleg forsiktigheit er det ikkje noko problem, og utifrå dei målingane dei har gjort er det ikkje noko større bevegelsar i fjellet no, seier Ruset.

Åknes Tafjord Beredskap råder kommunen til å vurdere å endre arealbruken i eit område av campingplassen.

No skal ordføraren ta opp dette som ei politisk sak. På denne måten vil dei finne ut om det i framtida vil bli område på campingplassen der det ikkje bør stå campingvogner i framtida.

– Vi skal finne ut om det skal bli gjort justeringar i arealdisponeringa som ligg i reguleringsplanen, seier Ruset.

LES OGSÅ: – Tenk om dette hadde skjedd i feriesesongen