Hopp til innhold

–Dette blir eit signalbygg

Fleirtalet i salen i Sjøborg Kulturhus var begeistra då vinnarforslaget for den nye kyrkja i Ulsteinvik vart annonsert laurdag.

Dette blir nyekyrkja i Ulsteinvik

Dette er vinnarutkastet av ny kyrkje i Ulsteinvik.

Foto: Snøhetta / Illustrasjon

Fire arkitektkontor har kjempa om å kome med løysinga for den nye kyrkja i Ulsteinvik. Vinnarane vart til slutt arkitektkontoret Snøhetta med sitt utkast som dei har kalla "Excelsior". Juryen var samrøystes i vedtaket, men det har vore ein krevjande prosess.

– Dette blir eit signalbygg som er både funksjonelt og ein attraksjon i seg sjølv, seier juryformann Harald Nordal.

LES OGSÅ: Ett av disse fire utkastene blir Ulstein nye kirke

Nordal har leia arbeidet fram til han laurdag presenterte juryen sit vedtak og vinnarutkastet til ny kyrkje. Snøhetta vann arkitektkonkurransen i Ulsteinvik i konkurranse med Link Arkitektur, Ratio arkitektar AS og Espen Surnevik.

Juryformann Harald Nordal

Her presenterer juryformann Harald Nordal vinnaren av arkitektkonkurransen i Ulsteinvik.

Foto: Ulstein Sokn

I juryen har Nordal hatt med seg Ivar Aamlid som er arkitekt, arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk, begge utnemnt av Norske arkitekters landsforbund. I tillegg har sokneprest Margit Lovise Holte vore med, Christfried Kaul som er kyrkjeverje og Anne Lise Kleven Godø frå Ulstein kyrkjelege fellesråd.

– Det nye bygget vert plassert utanfor tomta og i ærbødig avstand til den eksisterande kyrkja. Slik vil vi ta vare på kyrkjegarden og gamlekyrkja, seier Nordal.

– Eit signalbygg vil gjere mykje med opplevinga av sentrum, kva trur du skeptikarane meiner om bygget?

– Eg oppfatta stor entusiasme i salen når vinnaren vart presentert, men det vil alltid vere nokon som er skeptiske. Det tenkjer eg er eit godt teikn. God arkitektur skal skape debatt, seier Nordal til NRK.

Det var eit spent publikum som tok imot dei 4 arkitektane frå Snøhetta: Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Frank Nodland og Margrethe Lund. I presentasjonen av konseptet trakk dei fram referansen til skipsbyggartradisjonen og lokale materialar som inspirerte til vinnarutkastet.

Arkitektane

Arkitektkontoret Snøhetta: Lars Jørstad Nordbye, Rune Veslegard, Frank Nodland og Margrethe Lund.

Foto: Ulstein Sokn

Slik forklarar Snøhetta korleis dei har tenkt: Konseptet for «Excelsior» kan forklarast med tre ord: Steinen – Treet – Romet. Steinen eller klippa er fundamentet som den nye kyrkja vert bygt på. Den representerer det evige, det solide, fortida, og alteret som eit møte med Gud. Det nye kyrkjebygget i tre etablerast som eit nytt landskap. Treverket representerer vekst, skaparverk, framtid og berekraft. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og har referanse til ringar i vatn, og årringar i tre. Rommet vert lik eit holrom i treet. Det representerer notida, livet og vandringa. I kyrkjerommet finn vi både den horisontale aksen i fellesskapen og vandringa inn, og den vertikale aksen i forbindinga mellom himmel og jord i overlyset.

Ulstein sokn håper på å kunne få på plass den nødvendige finansieringa av bygget allereie før utgangen av 2016, og om det går vel er målet å kunne innvie Ulstein nye kyrkje første sundag i advent i 2019.