Torsdag skreiv NRK om det uidentifiserte dyret på Sunnmøre. Nokre meiner det er ein bjørn på bildet, andre var sikre på at ulven har vore på ferde. Framleis er det ingen som veit sikkert.
På NRK Møre og Romsdal si Facebookside har det hagla inn over 400 kommentarar med forslag om kva slags dyr det kan vere.
No foreslår illustratør og makeupartist Sølvi Strifeldt at det kan vere snakk om ikkje berre eitt, men to dyr. Viss ein ser nærare kan det sjå ut som om venstre forlabben høyrer til eit anna dyr tett framfor det andre, som vrir hovudet mot viltkameraet.
– For meg ser dette klart ut som to ulvar, og ikkje ein, seier Strifeldt.
Sølvi Strifeldt jobbar som makeupartist i Oslo-området, og har bakgrunn som illustratør.
Foto: PrivatHo har vore veldig interessert i dyr og natur sidan ho var lita, og ville sjå om ho kunne bidra til å løyse mysteriet.
Strifeldt tenkte først at det kunne likna ein bjørn. Så reagerte ho på at det eine beinet var litt unna hovudet. Så skimta ho plutseleg eit ulveansikt.
Deretter prøvde ho å lage ein illustrasjon som viser kva ho har tenkt, og fjerna det lyse omrisset frå gjenstanden framfor.
– Då var det ikkje tvil i auga mine, fortel ho.
Avviser at det kan vere to ulvar
Statens naturoppsyn har ansvar for å registrere rovdyr som går utanfor ulvesona. Dei trur ikkje det kan vere snakk om to dyr som er observert på Hellesylt i Stranda kommune på Sunnmøre.
– Vi er ikkje i stand til å sjå meir enn at det er eitt dyr på bildet, seier Lars Olav Lund i naturoppsynet.
Dei har både vore på staden og undersøkt bildet grundig, men på grunn av den dårlege kvaliteten på bildet vil dei ikkje gå nærmare enn å seie at det dreier seg om eit hundedyr. Både ulv og hund blir rekna som hundedyr.
Lars Olav Lund jobbar i Statens naturoppsyn.
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRKFekk hjelp av politiets dataekspert
NRK har sendt bildet til spesialetterforskar Kåre Skare Lystad, som har jobba med å avdekkje alvorlege overgrep på det mørket nettet. Han køyrer bildet frå viltkameraet gjennom verktøyet til politiet for å sjå om han kan finne ut noko meir.
Lystad jobbar med kontrast, lysstyrke, fargebalanse, og gjer det skarpare. Likevel er det lite ekstra å hente ut av det lågoppløyslege bildet.
– Det er vanskeleg å få fram når oppløysinga i utgangspunktet er så låg. Det er ikkje meir informasjon der, rett og slett, seier Lystad.
På spørsmål om kva for eit dyr det er blir etterforskaren med på gjetteleiken.
– Eg synst det liknar på ein ulv, men det er mi ukvalifiserte gjetting, seier Lystad.
Kåre Skare Lystad jobbar som spesialetterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK