Hopp til innhold

Mystisk dyr fanga opp av viltkamera

Ekspertar trur ein ulv kan vere på ferde på Sunnmøre, trass i at det er langt unna ulvesona. No går diskusjonen om kva viltkameraet i skogen eigentleg har fanga opp.

Mystisk dyr fanga opp av viltkamera

Dette biletet blei teke av viltkameraet til Amund Lien i 20-tida den 8. april i år.

Foto: AMUND LIEN

Det er stor usemje om kva det til no uidentifiserte dyret er. Nokre meiner ulv, medan andre trur det er bjørn.

Dyret blei fanga opp av eit viltkamera i skogen utanfor Hellesylt på Sunnmøre i april.

Statens naturoppsyn kan ikkje seie akkurat kva dyr det kan vere, men meiner det er eit hundedyr – til dømes ein ulv eller stor hund. Dei vil gjerne få vite om det er fleire som har sett noko.

– Så likt ulv ein kan kome

Professor i viltforvaltning ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i Ås, Olav Hjeljord, er 90 prosent sikker på at det er snakk om ein ulv etter å ha sett biletet. Han utelukkar at det kan vere bjørn.

– Det slo meg med ein gong. Dette er så likt eit bilete av ein ulv som ein kan kome, seier Hjeljord.

Olav Hjelfjord

Den pensjonerte forskaren Olav Hjeljord er overtydd om at ulven på biletet liknar ein ulv.

Foto: NMBU

Han har også snakka med to kollegaar som er på besøk frå eit ulverikt område i British Columbia i Canada, og dei meiner også at dyret ser veldig karakteristisk ut som ulv.

– Det er heile posituren. Du ser det på halen, bakparten og det litt senka hovudet. Det er veldig typisk ulv, fortel Hjeljord.

Den pensjonerte forskaren ser ikkje heilt bort ifrå at det kan vere ein stor hund, men synst det ville ha vore merkeleg med eit slikt dyr i skogen på denne tida av året.

Varsla av viltkameraet

Amund Lien eig viltkameraet som fanga opp dyret i Langedalen. Kvar gong det er rørsle på kameraet blir han varsla. Han har ikkje trua på at det er verken hund eller ulv etter å ha sett på biletet.

– Nei, ulv er det ikkje. Han har ikkje så lang nase, og hovudet er stort. Eg held mest på at det er bjørn, seier Lien.

Snøvêret som kom på torsdag kan gjere det lettare å finne ut om dyret framleis er i området.

– Eg håpar nokon kan finne spor så vi får stadfesta kva det er for noko, seier Lien.

Mista 22 sauer til ulv

For fem år sida kom det ein streifulv i området som tok 22 av dyra til sauebonde Per Kjell Leite. No skal han snart sleppe over 270 sauer ut på beite, noko han ikkje gjer med lett hjarte når det kan vere rovdyr i området.

Sauebonde Per Kjell Leite

Berre to dagar etter at sauebonde Per Kjell Leite slepte ut dyra i 2014 dukka streifulven opp.

Foto: Gunhild Sætre

– Det er klart ein må følgje godt med, men vi må no berre sleppe dei. Vi har ikkje noko val, seier Leite.

Bonden har også mista dyr til jerv, både i fjor og i 2014.

Facebook har det gått sport i å gjette kva slags dyr det kan vere. Alt frå mårhund og brunbjørn, til skogsmus og dinosaur er blant dei meir eller mindre kreative forslaga.