Hopp til innhold

Sensasjonelt funn av gudehus på Sunnmøre

Arkeologane trudde ikkje sine eigne auge då dei fann spor av eit heidensk gudehus, truleg frå vikingtida. Aldri før er det gjort eit slikt funn her i landet.

Arkeologifunn Ørsta

GUDEHOV: Arkeologane måtte kikke på funnet i fleire dagar før dei torde å tru at det faktisk var eit heidensk kulthus dei hadde funne.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Huset dei har funne spor etter i Ørsta, er eit såkalla gudehov. Eit hus der folk truleg dyrka og ofra til gudar som Odin og Tor.

Det er første gang det er funne konkrete spor etter eit hus som dette i Noreg, ifølgje Universitetsmuseet i Bergen, som driv utgravingsprosjektet.

Slik kan gudehovet ha sett ut. Illustrasjonen er laga på bakgrunn av funna i Ørsta, og tidlegare funn i sør-Skandinavia. Illustrasjon: Universitetsmuséet i Bergen

Tidlegare er det andre stadar i landet funne gjenstandar som kan ha vore knytte til slike heidenske kulthus, men aldri spor av sjølve bygningane slik som no.

– Det er eit fantastisk funn, seier forskar og feltarkeolog Søren Diinhoff frå Universitetsmuseet. Han er ein av dei fremste ekspertane i Norden på bygningar frå norrøn tid, og står i spissen for utgravingane.

Gudehovet i Ørsta

Arkeologane har markert veggane og andre sentrale parti av huset, for å vise korleis det såg ut.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Eineståande

Utgravingane er gjort på eit 8000–9000 kvadratmeter stort område på Ose, like ved Ørsta sentrum.

Arkeologane har gjort fleire interessante funn på Ose-marka. I den nordlege delen har dei funne eit eldre klyngetun, og spor etter fleire store bygningar frå yngre jarnalder og mellomalderen.

Men det mest interessante funnet er altså det som kan vere eit gudehov. Huset var 14 meter langt og sju til åtte meter breitt, og truleg 10 meter høgt.

– Det er eineståande i norsk samanheng. I heile Skandinavia er det frå før funne spor av berre ei handfull slike bygningar. Vi måtte faktisk kikke på det i fleire dagar før vi torde å tru på det vi såg, seier Søren Diinhoff.

Arkeologane i Ørsta.

Det er Universitetsmuseet i Bergen som står bak utgravingane i Ørsta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men no er han sikker. Det er eit gudehov dei har funne, like ved ein campingplass på Sunnmøre. Eit hus for å dyrke religion i førkristen tid. Han meiner mellom anna at dei kraftige, retangulære stolpehola på rundt 80 centimeter som har bore taket, indikerer at dette verkeleg har vore eit gudehus.

Truleg er huset frå mellom år 600-1000, altså vikingtida. Slike hus dukka opp samtidig med dei første spora av Odin-kulten eller åsatrua. Dermed meiner arkeologane det er rimeleg å tru at gudehovet har husa denne religionen.

– Det er nesten identisk kopi av gudehus vi kjenner til frå sør-Skandinavia, slik som i Uppåkra i Sverige og på Tissø på Sjælland i Danmark, seier Diinhoff.

Likskapen med desse heidenske kulthusa gjer at husstrukturane på Ose også blir tolka som eit gudehov.

Søren Diinhoff

Feltarkeolog Søren Diinhoff er ein av dei fremste forskarane i Norden på bygningar frå førkristen tid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har gått føre seg ofring

Diinhoff seier at dei trur folk samla seg til store religiøse festar ved vintersolkverv og sommarsolkverv på Ose-marka. Så ofra dei til gudane og forfedrane gjennom blota, som var ein rituell norrøn offerfest, der blodet frå offerdyr truleg blei skvetta utover vegger, gudestatuar og festdeltakarar.

– Det har vore snakk om at det også kan ha vore menneskeofring i enno storre gudehov. Det er mogleg at det kan skrive seg frå seinare kristne påstandar om at dei som dyrka Åsatrua, dreiv med slikt. Men ofring til gudane har heilt klart skjedd her, slår Diinhoff fast.

Arkeologifunn Ørsta

Gudehovet låg med fin utsikt over fjorden.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei få stadane slike gudehov er funne til no i Skandinavia, ligg på gardar til vikingkongar eller mektige høvdingar.

Det er ikkje tilfellet i Ørsta, meiner Diinhoff, og seier det truleg var ein storkar med mykje makt som eigde garden. Ifølgje han var Ørsta nokså tett befolka på den tida då kulthuset på Ose blei nytta.

– Det var storkarane som tok kontroll over religionen. Og her står vi på eit geografisk knutepunkt med lett tilgang til sjøtransport ut fjorden, og det går også greitt å komme seg over land til Sæbø. Her var god matjord med stor økonomisk produksjon. Det kom mykje folk forbi, og difor finn vi gudehovet med utsikt over fjorden her. Det er ei heilt optimal plassering, fortel han.

No skal arkeologane forske meir på gudehovet, slik at dei kjem nærare svaret på tidfestinga og korleis bygningen såg ut.

– Dette funnet er ei viktig brikke for å forstå det politiske og økonomiske landskapet i vikingtida, seier Søren Diinhoff.

REKONSTRUKSJON: Slik kan gudehovet ha sett ut. Illustrasjonen er laga på bakgrunn av funna i Ørsta, og liknande funn i sør-Skandinavia. Illustrasjon: Universitetsmuséet i Bergen