Hopp til innhold

Rot med rutehefte

Frå 1.mai må reisande i Møre og Romsdal leite i to ulike rutehefte for å finne ut når ferja går.

Ferje
Foto: Roar Strøm / NRK

Fjord 1 MRF og Tide vil ikkje gje ut felles ferjeruter.

1. mai blir rutehefta oppdaterte for neste år, men dei to operatørane held fast på at dei vil gje ut eigne hefte.

Distriktssjef Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet meiner det er tullete.

Distriktssjef Dagrun Krakeli Lastebileierforbundet Møre og Romsdal

Dagrunn Krakeli i Lastebileierforbundet Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Det skaper veldig store praktiske problem for våre sjåførar. Dei skal ha to rutehefte i bilen i staden for eitt.

Viktig med eige hefte

Torsdag kjem oppdaterte ferjerutehefte for Møre og Romsdal, men det held ikkje lenger med eitt. Selskapet Tide har tatt over ei rekkje ferjestrekniningar i fylket, og gir no ut sitt eige rutehefte. Det same gjer Fjord 1 MRF. Administrerande direktør Anker Grøvdal held fast på at dette er viktig.

- Vi ser på det å ha eit eige rutehefte som ein eigenverdi der vi kan marknadsføre ein del spesielle ruter, til dømes til Ona og Geiranger,

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal

Fjord 1 MRF-direktør Anker Grøvdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal / NRK

seier Grøvdal.

Vegvesenet burde ordna opp

Fjord 1 MRF kastar ballen vidare til Statens vegvesen, og meiner dei eventuelt bør koste eit felles rutehefte. Krakeli meiner vegvesenet på førehand burde sikra seg at ferjeselskapa tok bryet og kostnadene.

- Eg meiner Statens vegvesen har vore svært dårlege kjøparar her. Det burde stått i kontrakten at det skal vere eitt felles rutehefte for Møre og Romsdal, at dette var opp til tilbydarane, og at dei måtte finne ut korleis det skulle bli gjort, seier Krakeli.