Hopp til innhold

Rett opp og rett ned

Utøverar frå Møre og Romsdal hevdar seg i den nye i konkurransesporten skialpinisme.

Ola Hovdenak
Foto: Lars Jonas Pedersen

Sporten handlar om å gå opp på fjelltoppar og renne nedatt. Fortast råd.

Ola Hovdenak frå Skåla satsar no for fullt mot EM og seinare VM. Målet er å forbetre niandeplassen frå sist EM og nærme seg dei beste i verda.

- No tek eg permisjon frå jobb . Eg har vore på eit høgdeopphald i Frankrike og skal til Italia om eit par veker.

Knallhardt

Skialpinisme er ein knallhard sport der utøverane startar ved fjellbotnen, går på toppen og renn nedatt på ski.

I dei brattaste partia må dei ofte bruke klatresele og stegjern - og skia, dei må utøverane anten ha på beina eller på ryggen.

Ola Hovdenak

Skialpinisme krev gode utforeigenskapar.

Foto: Daniel Kvalvik

- Det er ein skisport som krev både god skiteknikk i utfor og god kondisjon og motor oppover, fotel Hovdenak.

Etterlyst

På landslaget er det 6-7 damer og menn frå Møre og Romsdal som hevdar seg. Landslagsleiar Jon Tveit fortel at nesten tre millionar personar driv med dette i Europa. No blir det lagt merke til at Noreg har landslag.

- Utlendingane skjønar ikkje kvifor det har gått så lang tid før vi kom på bana. Dei har sakna oss i mange år og glade for at vi har kome så langt.

Bratte fjell

Bratte fjell.

Foto: Daniel Kvalvik

Ola Hovdenak meiner naturen her i fylket passar godt for dei som vil bli gode.

- Her er fine forhold for fjellturar. Likar ein å konkurrere kan ein slå det i hop, så får ein to fine ting på ein gong, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL