Hopp til innhold

Rekordår for klippfisk

Aldri før er det selt så mykje klippfisk frå Noreg som i fjor.

Det er igjen optimisme i klippfisknæringa. Etter fleire tøffe år vart eksporttala for 2014 rekordhøge.

2014 var eit rekordår for klippfisknæringa.

Saltspora på lagergolvet vitnar om at det har stått pallar med fisk der. Inne på kjølelageret er reolane tomme. Dette likar Jacob Bjørge Høyberg, dagleg leiar hos klippfiskprodusenten Jacob Bjørge AS på Ellingsøya i Ålesund.

Eksporttala for fjoråret er høgare enn nokon gong sidan noteringane starta for snart to hundre år sidan. Dette gjeld både for Jacob Bjørge AS og heile klippfisk-Noreg.

Jacob Bjørge Høyberg

- Det er optimisme i klippfisknæringa, seier dagleg leiar Jacob Bjørge Høyberg ved eksportbedrifta Jacob Bjørge på Ellingsøya.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Etter fire magre år var det mange i næringa som trengte ein opptur i haust, seier Jacob Bjørge Høyberg.

Mest til Sør-Amerika

Klippfiskproduksjon er heilårsverksemd, sjølv om eksporten får ekstra fart før jul og påske. Ordrane står i kø.

Mesteparten av klippfisken fra Bjørge går til Sør Amerika, og firmaet har for tida eigen eksportmedarbeidar i Rio.

Dei gode tidene skaper optimisme. Ved Bjørge-bedrifta på Ellingsøya er arbeidet i gang med utviding og nybygg.