Hopp til innhold

Pårørande rustar seg til kamp for å berge sjukeheimen på Skåla

Pårørande er fortvilte over forslaget om å legge ned dei 16 sjukeheimsplassane ved Skåla omsorgssenter. I ettermiddag møtast dei for å legge ein slagplan.

Skåla omsorgssenter

Dei 16 sjukeheimsplassane på Skåla kan bli lagt ned, men dei pårørande vil ikkje gi seg utan kamp.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Sjukeheimsplassane ved Skåla omsorgssenter i Molde står i fare for å bli lagt ned og erstatta med eit bufellesskap. 10 tilsette må slutte og kommunen vil dermed spare 2,8 millionar kroner det neste år. Men dei pårørande reagerer sterkt på forslaget, og vil ikkje gi seg utan kamp. I kveld møtast dei for å legge ein slagplan.

– Det er mangel på sjukeheimsplassar, så eg forstår rett og slett ikkje kvar dei eldre skal plasserast. Har dei plutseleg ledige plassar, spør ei frustrert Anne Lovise Eikrem, som er pårørande.

På tremannsrom

Ho har svigermora si på omsorgssenteret, og er klar på at 94-åringen treng meir omsorg enn det eit bufellesskap kan gi. Hennar eiga mor er også 94 år og ho har det siste året budd på tremannsrom på eit anna omsorgssenter i Molde.

– Det er uverdig. Eg forstår ikkje at ein person i slutten av livet sitt skal måtte bu saman med to andre utan privatliv, seier Eikrem.

Ho fryktar at endå fleire eldre må stuast saman på romma dersom også sjukeheimsplassane på Skåla forsvinn.

Vil ikkje flytte

Nils Stenså

Nils Stenså reagerer med vantru over forslaget. Han vil ikkje flytte.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Nils Stenså er 95 år gamal og har budd på Skåla omsorgssenter dei siste seks åra. Han reagerer med vantru på at sjukeheimsplassane kan forsvinne. Omsorgssenteret vart opna i 2004, og har dermed berre vore i drift i åtte år.

– Her er det plassmangel. Dei må heller bygge ut enn å legge ned, seier Stenså. Han har ikkje lyst å flytte.

Monica Berg

Monica Berg er tillitsvald og fortel om eit enorm press på dei tilsette.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Monica Berg er tillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund og fortel om eit enormt press på dei tilsette både på sjukeheimen og i heimetenestene.

– Med 16 færre plassar vil ikkje presset verte mindre, seier Berg.

Treng hjelp

Einingsleiar for Kleive og Skåla omsorgssenter, Tanja Thalén seier at det er berre ein person på omsorgssenteret som kan bli flytta i bukollektiv. Dei andre har behov for meir hjelp og må flytte til ein annan sjukeheim. Ho innrømmer at det er fullt på dei andre sjukeheimane, og at ein difor må flytte på dobbeltrom.

Vil kjempe

Dei pårørande har ikkje tenkt å gi seg utan kamp. I ettermiddag skal dei samlast for å seie si meining.

– Eg vert så sint og skuffa over slike forslag. Eg er i harnisk, seier Anne Lovise Eikrem.

For å spare penger har rådmannen i Molde foreslått å legge ned alle dei 16 sjukeheimsplassane på Skåla omsorgssenter. 
Plassane skal erstattast med eit heildøgnsbemanna bofellesskap, dette skapar sterke reaksjonar

Molde kommune foreslår å legge ned sjukeheimen som vart bygt for åtte år sidan, for å spare pengar.