Hopp til innhold

Ramla utfor fjelltopp

Ein mann har ramla utfor toppen av Kirketaket i Rauma.

Kyrkjetaket i Rauma (1439) meter.

Kyrkjetaket i Rauma er 1439 meter, mannen skal ha ramla ut frå toppen.

Foto: Svein Myhre/www.fjellinordvest.net

Ambulansehelikopter er på veg, men på grunn av raskatastrofen i Namsos får ikkje politiet tak i redningshelikopter.

Om lag klokka 14 er også redningsmannskap frå Røde Kors på veg.

- 5 personar og 2 snøscooterar er på veg frå Rauma Røde Kors Hjelpekorps, seier Irene Kvangarsnes i Alarmgruppa til hjelpekorpset.

Les også: Større leteaksjon i gang

Vanskeleg

Mannen er ikkje lokalisert og det er svært vanskelege leiteforhold.

- Han kan ha ramla 300-400 meter. Det er ein svært vanskeleg redningaksjon. Redningsmannskapa er på veg, men vi får altså ikkje tak i redningshelikopter, på grunn av det som skjer i Namsos, fortel operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved politiet i Nordmøre og Romsdal.

Organisert tur

Kirketaket er eit populært turmål. Fjellturen var ein organisert tur i regi av festivalen Romsdalsvinter 2009.

Det skal ha vore ei gruppe på omlag 10 personar i følget.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 1308.

Etter det NRK kjenner til skal ein snøskavl ha løsna då ulykka skjedde.

Har skjedd før

Det er ikkje første gangen det skjer ulykker på Kirketaket. I januar 2004 vart ein 32 år gammal mann tatt av vinden og blåst utfor ein 300 meter høg skrent.

Mannen frå Isfjorden i Rauma vart utruleg nok berre lettare skadd.

Om Kirketaket:

www.kirketaket.com

www.fjellinordvest.net

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL