Kampanjen til politiet startar samtidig med at snøskredvarslinga Varsom.no er klar for ny sesong med daglege varsel.
Og det kan sjå ut til å bli ein heftig start. Mykje snø og vind gjer at det fleire stader i landet vil bli varsla betydeleg og kanskje stor snøskredfare.
Verste på mange år
NVE beskriv førre sesong som den verste ulykkessesongen på mange år.
Møre og Romsdal er eit av dei mest populære toppturområda i landet, og politiet der håper kampanjen dei har sett i gang kan bidra til å berge liv denne sesongen.
Leo Södergren i politiet med informasjonsfilm om skred.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK– Vi veit at veldig mange vil på topptur på ski. Difor vil vi vere med på å hindre at det skjer skredulykker ved å gi gode råd om trygg ferdsel, seier Leo Södergren.
Politiet samarbeider med snøskredvarslinga, redningsetatar og organisasjonar om kampanjen, og den første filmen blei publisert fredag ettermiddag.
Dei som samarbeider om kampanjen kallar seg skredfamilien, og bruker aktivt boka Skikompis av Christer Lundberg Nes for å gi gode råd til toppturfolket. Fleire informasjonsfilmar med #skikompis vil bli publisert utover vinteren.
Fire skituristar døde i Blåbærfjellet i Tamokdalen i Troms i januar.
Foto: Arild Moe / NRKVil bruke illustrasjonar
Snøskredvarslinga Varsom er eit samarbeid mellom fleire etatar. Frå 1. desember til 31. mai er eit team av meteorologar, geologar, hydrologar og tindevegleiarar i aksjon for å levere oppdaterte skredvarsel kvar dag klokka 16.00 på varsom.no.
Rune Engset leiar arbeidet med snøskredvarslinga, og han set stor pris på at også politiet engasjerer seg.
Rune Engeset er seksjonssjef i NVE. Første snøskredvarselet for sesongen kjem laurdag klokka 16, og gjeld for søndag 1. desember.
Foto: Rune Nordgård Andreassen– Vi har samarbeida om denne kampanjen, og vi synest det er veldig bra at etatane og organisasjonane kan gå saman om å førebyggje på denne måten, seier han.
Nytt av året er at Varsom vil bruke fleire illustrasjonar for at folk skal forstå varsla betre.
– Vi har gitt veldig gode ferdselsråd i varsla våre, men undersøkingar viser at folk ikkje får med seg viktige detaljar når det er mykje tekst. Difor prøver vi no med fleire illustrasjonar, og håper det kan hjelpe folk til å gjere trygge val, seier seksjonssjef Rune Engeset.
Varsom.no håper illustrasjonar som dette skal gjere varsla meir forståelege.
Foto: Varsom.no