Marjette Salmela, eller Tippi som ho kallar seg, reiser landet rundt for å kurse foreldre og barnehagetilsette i positiv grensesetting. Ho meiner at vi må bli flinkare til å seie mindre nei, fy og ikkje lov. Dette er nemleg ord som gir borna skuldkjensle og får dei til å gå i forsvar. Mykje nei skaper dessutan eit negativt og lite utviklande læringsmiljø.
- Det handler om å sette grenser for barn utan å bruke kjeft og peikefingaren. Vi må ha omsorg og nærheit for barnet og samtidig vere klare og tydelege vaksne, seier Salmela.
Utfordrande
Det kan vere utfordrande og krevande å sette grenser på denne måten, men det går an. I tillegg til foreldrekurs på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, skal Salmela halde kurs for om lag 300 barnehagetilsette frå Haram og Sula fredag.
Foreldre må senke skuldrane
Familieterapeut Astrid Kleppe Flacké ved Familievernkontoret i Ålesund, seier at det kan vere vel og bra å gå på grensesettingskurs, men at det er viktig at foreldre ikkje skal føle seg mindre kompetente dersom dei ikkje klarer å leve opp til dette i praksis. Ho ser at dagens foreldre stiller store krav til seg sjølv, og at mange kanskje bør lempe på krava og tenke at jobben dei gjer er god nok.
- Det å senke skuldrane litt. Foreldre må ikkje prøve å vere perfekte foreldre. Dei må slappe litt av og tenke at det dei gjer er bra nok, trur Flacké.