Øverland seier dette trass i at Kystdirektoratet meiner kysten er godt nok dekt med dei sentralane som allereie finst.
Allereie 1. jaunar i år overtok Kystdirektoratet ansvaret for akuttberedskapen frå Statens Forureiningstilsyn og miljøverndepartementet, og sjef for kystavdelinga ved Kystdirektoratet, Einar Eik seier dei ønsker meir samordning.
Gir seg ikkje
Sjølv om fylkesordførar Ole Øverland finn det vanskeleg å argumentere mot fagfolka - gir han seg ikkje. I brevet til fylkesordføraren skriv kystdirektoratet at lostjenesten og innføringa av det automatiske identifikasjonssystemet for skip gjer at dei ikkje ser behovet for ein ny trafikksentral utanfor Nordmøre.
Kystdirektoratet meiner at ei samordning av overvakinga er det som skal til, ikkje fleire sentraler.