Hopp til innhold

Starta året med eit bad

2011 er her. I Ålesund vart årets første dag feira med eit bad på Tueneset. Tradisjonen er henta frå Nederland.

Nyttårsbad på Tueneset i Ålesund.

Nyttårsbad på Tueneset i Ålesund.

Foto: Arnfinn Tønnesen

I Nederland heiter tradisjonen Nieuwjaarsduik - nyttårsdykk.

Tradisjon

Job Bakker er ein av dei som vil at dette skal bli ein tradisjon også i Ålesund.

– Vi starta med det i fjor, og det var stor suksess. I år var vi 39 som gjekk i vatnet, og sikkert 30-40 personar som såg på. Dei blir nok med og badar neste år, seier Job Bakker optimistisk.

Bading Tueneset

I full fart uti.

Foto: Arnfinn Tønnesen

Nederlandsk sponsor

Job Bakker tok aldri Nieuwjaarsduik då han budde i Nederland. Men han flytta til Ålesund for tre år sidan, og ein nederlandsk kollega tok opp temaet.

– Han ville arrangere Nieuwjaarsduik, og eg blei med. No har vi også fått oss ein nederlandsk sponsor.

Og sponsoren er ein matprodusent som sende 40 liter suppe og 100 pølser til dei badande.

– Det er ei spesiell ertersuppe som vi har i nederland. Det vart 20 liter att, så no har vi suppe heile vinteren, seier Job Bakker.

Bading Tueneset

Raskt på land.

Foto: Arnfinn Tønnesen

Intervjua på radio

Og nyttårsdykket i Ålesund har også fått merksemd på andre måtar i Nederland.

– Nedlerlendarar arrangerer slike bad over heile verda, og det vart vi intervjua om på Nederlandsk radio.

– Korleis var badet?

– Sjølvsagt var det kaldt, men vi hadde bål, pølser og suppe å varme oss på når vi kom på land, så det gjekk fint.

Og Job Bakker lovar at det blir Nyttårsbad på Tueneset også i 2012.

– Folk har allereie spurt oss om dei får vere med. Vi satsar på rekord.

Sjå andre måtar å feire det nye året på her.