Hopp til innhold

Nye åtvaringar mot «Microsoft»-bedrageri

– Gi aldri frå deg vital informasjon til telefonseljarar eller folk som vil «reparere» datamaskina di.

svindel
Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Telefonsvindel er eit gjentakande problem både i Møre og Romsdal og i Noreg generelt. Tysdag ettermiddag fekk Sunnmøre politidistrikt på ny inn meldingar om «hyggelege» (og falske) Microsoft-tilsette.

– Ein mann tok kontakt med politiet og klaga over at han hadde blitt lurt av ein person som utgav seg for å ringe frå Microsoft, fortel operasjonsleiar Trygve Ødegård.

Mannen enda opp å gi frå seg kortinformasjon om betalingskortet sitt.

Aldri, aldri, aldri!

No går politiet igjen ut og åtvarar mot svindlarane.

– Gi aldri frå deg vital informasjon om datamaskin/tilgangar/passord eller kortinformasjon til telefonseljarar, eller personar som vil «reparere» datamaskina di, seier Ødegård.

Så kort sagt frå politiet: Vêr forsiktig. Og er du så uheldig at du har gjeve frå deg sårbar informasjon, bør anten bank eller andre som kan hjelpe kontaktast.