- Førsteintrykket er at dette gjekk veldi bra, seier kommunikasjonsrådgjevar i Shell, Lillian Aasheim.
Simulerte gassbrann
I dag tidleg gjekk alarmen på Nyhamna i Aukra. Det vart simulert ein gassbrann inne på prosessområdet og heile Ormen Lange-anlegget måtte evakuerast i katastrofeøvinga.
Kommunikasjonsrådgjevar i Shell, Lillian Aasheim, er godt fornøgd med utbyttet av øvinga.
- Det var veldi rask responstid frå dei som skulle rykke ut og komme inn til Nyhamna frå andre stader, seier ho.
- Ingen store svikt oppdaga så langt?
- Nei, ikkje etter det eg kjenner til.
Katastrofeøving Ormen Lange.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRKOmfattande øving
I etterkant av øvinga blir det halde ein gjennomgang der alle detaljar skal granskast.
- Det har vore mange observatørar her som har finstudert alle forskjellige roller, seier Aasheim.
- Her har det vore spel på mange plan. Ein ting er dei som driv med redning og sløkking, men det er også ting som foregår i beredskapsrommet og i resepsjonen der folk blir tekne i mot.
Både pårørande og media har teke del i øvinga og no skal alle aspekt av øvinga evaluerast.
- Det er kjempeviktig med slike øvingar, det kan stå om liv eller død når det først gjeld.