Hopp til innhold

Ny utstilling i Kristiansund

Ei delvis utandørs og døgnopen utstilling i Kristiansund skal gjere folk meir interesserte i fartøyvernhistorie.

Førebuingar til utstilling på Mellemværftet

Sverre Svendsen (i blått) får hjelp til å bere inn eit skrivebord til utstillinga på Mellemværftet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

I rundt 30 år har Mellemværftet i Vågen i Kristiansund vore eit fartøyvernsenter, mest for gammalbåt-entusiastar.

Men tysdag vart det opna ei utstilling som skal gjere historia lettare å sette seg inn i for vanleg publikum.

Delar av denne utstillinga kjem til å foregå utandørs, og delar kjem til å vere døgnope, fortel konservator Sverre Svendsen.

- Vi skal prøve å ha eit tilbod til dei forbipasserande til alle døgnets tider, seier han.

Utfordrande

- Vi har hatt ei kjempeutfordring med å prøve å tilføre Mellemværftet ein ny dimensjon. Vi har forsøkt å lokke til oss fleire støttespelarar, utvida tilbodet til fleire, og samstundes tilpassa det til eit miljø som er freda, seier Svendsen.

Staten har gått inn og støtta prosjektet for at dei skal kunne nå fram med kulturminnet til eit breidare publikum.

Gammal smie

Gammal smie på Mellemværftet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Unikt miljø

- Verftet har eit unikt miljø i fartøyvernsamanheng i Noreg. Særleg dei siste 25-30 åra er interessante. No kan folk kome og sjå dei mange båtane som har blitt reparert her, forklarer Svendsen.

Verftet har alltid vore ope for publikum, men ikkje alle har oppfatta det. No håper Svendsen dette vil snu.

- Vi vil kome med informasjon til fleire, slik at mykje av historia frå fjern og nær fortid blir tilgjengeleg for fleire.