Direktoratet for naturforvalting vil i eit nytt lovforslag forby innførsel av mink til Noreg.
Pelsdyroppdrettar Steinar Nordang på Øye på Sunnmøre meiner dette er eit alvorleg angrep på næringa.
– Eg oppfattar dette som eit angrep på oppdrettsnæringa og eg meiner dette rett og slett er eit rabiat forslag, seier Nordang.
Pelsdyroppdrettar Steinar Nordang frå Øye i Ørsta.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKKan få alvorlege konsekvensar
Han tur konsekvansane kan verte alvorlege på lang sikt.
– Skal ein ikkje kunne få importere dyra til å avle vidare på, så vil det verte ekstra vanskeleg for næringa, påpeikar oppdrettaren.
Oppdrettsbygda Øye
I bygda Øye i Ørsta på Sunnmøre er det 40 fastbuande og åtte mink- og revfarmar. Øye er den største oppdrettarbygda i Noreg.
Steinar Nordang har drive med pelsdyr i fleire tiår.Han viser til at det sidan 1920-talet har vore drive oppdrett av mink i Noreg.
Mink er oppført på lista over artar som Direktoratet for Naturforvalting har klassifisert som forbode å innføre.
Forslaget er no ute på høyring.
Nordang seier eit forbod mot minkoppdrett er meiningslaust.
– Eg tykkjer dette er heilt bak mål, understrekar han.