Hopp til innhold

Kvar tredje veterinær har tenkt at livet ikkje er verdt å leve

Ei ny undersøking viser at veterinæryrket er tøft og at fleire har hatt sjølvmordstankar. – Mange trur at yrket handlar om å kose med søte kvalpar og kattungar, seier forskar.

Astri Nilsson saman med kvalpen Timmi.

Yorkshire terrieren Timmi er eit år gammal. Mange kan oppfatte veterinæryrket som berre kvalpekos, sjølv opplev mange veterinærar det som tøft.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Hunden Timmi har time hos veterinær Astri Nilsson i Molde. Ho undersøker hunden frå topp til tå, og gir han mykje kos undervegs.

Det er ofte slik vanlege folk får sjå veterinærar, men dei som jobbar i bransjen veit kor tøft det kan vere.

– Yrket kan vere veldig belastande. Ein skal handtere mange følelsar hos eigar og seg sjølv. Kjem det på toppen av andre ting, kan det vere dropen som får begeret til å renne over, seier Nilsson.

Sjølvmordstankar

Portrett av Helene Seljenes Dalum

Helene Seljenes Dalum er veterinær og stipendiat. Ho jobbar no med å kartlegge den psykiske helsa til norske veterinærar.

Foto: Azad Razaei / NRK

Ein ny studie viser at norske veterinærar slit. Nesten 1 av 3 har det siste året følt at livet ikkje er verdt å leve og heile 1 av 5 har hatt konkrete sjølvmordstankar.

– Funna i seg sjølv var dessverre ikkje overraskande. Det er gjort liknande undersøkingar i andre land, som har vist den same tendensen, seier veterinær og stipendiat ved Universitetet i Oslo, Helene Seljenes Dalum.

Ein tidlegare studie viser også at veterinærar i Noreg hadde dobbelt så høg sjølvmordsrate som den generelle befolkninga.

– At 1 av 5 veterinærar då har tenkt på sjølvmord er difor urovekkande, sidan vi veit at raten for gjennomførte sjølvmord er høgare i denne yrkesgruppa, seier Dalum.

Toril Torske tek i ei sprøyte på anicuraklinikken i Molde

Veterinæryrket er ikkje slik folk flest trur. Og det er ikkje alltid forventningane til veterinærane sjølv blir møtt.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Sjølv hadde ho heilt andre forventingar til yrket. Som mange andre veterinærar bestemte Dalum seg i ung alder for kva ho skulle bli.

– Mange trur yrket handlar om å kose med søte kvalpar og kattungar. Men det er mykje meir enn det, seier ho.

Det kan vere lange dagar, trong økonomi og vanskelege val som ein ofte står åleine om.

Fleire kollegaer har tatt livet sitt

På Anicura dyreklinikk i Molde, har tre veterinærar over 60 års erfaring til saman. Dei har alle opplevd yrkeskollegaer som har tatt sitt eige liv.

veterinær Astri Nilsson, anicura dyreklinikk

Astri Nilsson har over 30 års erfaring som veterinær og er kjent med problema veterinærar møter på.

Foto: Jonas Otneim / NRK

I løpet av sine 33 år som veterinær har Astri Nilsson hatt fleire kollegaer tatt sjølvmord.

– Eg har i tillegg venner som ikkje har klart å stått i yrket og gått over til ein annan jobb, seier Monica Folland.

Toril Torske, som har vore utdanna veterinær i 10 år og har mista to frå kullet hennar til sjølvmord.

Eit reknestykke

Monica Folland skildrar det å vere veterinær som eit samansett yrke, på godt og vondt.

– Ein skal ta omsyn til ein dyreeigar som er bekymra, forsøke å finne ut kva som feiler dyret og samtidig passe på økonomien, som ofte har ei grense. Alt dette skal gå opp i eit reknestykke, seier ho.

Monica Folland2 Veterinær Anicura Dyreklinikk

Monica Folland er opptatt av at ein ikkje skal gjere veterinæryrket til eit problemyrke.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Har sett opp ein mur

Kollegaane hennar på klinikken i Molde er einige.

– Forventningane til kundane er vanskeleg. Det skal alltid bli ein samtale om pris, og det kan bli negative følelsar rundt dette, seier Toril Torske.

Kjenner du deg igjen i tala som er presentert i prosjektet?

– Nei, eg har det ganske bra. Eg prøver å ikkje ta med jobben heim. Det har eg blitt litt hard på, seier veterinær Toril Torske.

Ho har prøvd å sette opp ein mur, som skil jobb og privatliv. Det meiner ho er nødvendig for hennar psykiske helse.

– Det kan ete deg opp. Og likevel er det kvar veke eit dyr som ligg å kverna oppi hovudet mitt, både positivt og negativt.

portrettbilde av veterinær Toril Torske, anicura dyreklinikk Molde
Toril Torske seier det er sjeldan jobben går utover søvnen hennar lenger.
– Det skjedde meir før når eg var nyutdanna. Men det hender eg vaknar av at eg tenker på jobb.
Portrettbilde av Monica Folland, veterinær i Molde.
Monica Folland synst tala frå undersøkinga er skremmande høge.
– Stressbiten kjenner eg meg absolutt igjen i, men ikkje dei tyngste tankane.

Vil ikkje gjere det til eit problemyrke

Ingen av dei tre veterinærane i Molde har slite med sjølvmordstankar på grunn av jobben.

Dei meiner openheit er viktig.

– For det første er det viktig å belyse at det er eit tøft yrke, men vi skal ikkje gjere problema tøffare enn dei er. Vi skal heller ikkje gjere dette til eit problemyrke, seier Monica Folland.

Gruppebilde av Astri Nilsson, Monica Folland og Toril Torske.

Astri Nilsson, Monica Folland og Toril Torske har alle ulik fartstid i veterinæryrket.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Ho meiner det er viktig at ikkje berre veterinærane, men også kundane og samfunnet elles veit kva det inneber å vere veterinær.

– Vi har heldigvis skjønt det handlar om kommunikasjon og korleis ein taklar det, seier Astri Nilsson.

– Kvardag prega av sjukdom og død

Kommunikasjonssjef i Mental Helse, Kristin Bergersen, har sett undersøkinga til Dalum, og seier den er svært alvorleg.

Kristin Bergersen

Kristin Bergersen meiner dei psykiske utfordringane til norske veterinærar må førebyggast på arbeidsplassen og utdanninga må styrkast.

Foto: Mental Helse

– Spesielt sidan den viste at halvparten av veterinærane med alvorlege sjølvmordstankar meinte arbeidsrelaterte problem hadde størst betydning for at dei hadde det så vanskeleg, seier ho.

Bergersen seier veterinærar har ein kvardag prega av sjukdom og død.

Ho meiner det kanskje bør innførast ein turnusordning for veterinærar, i tillegg til psykisk helse som ein del av utdanninga.

– Det kan virke som om overgangen frå studentliv til praksis er veldig brå. Mange er ikkje førebudde på kor tøft det kan vere og kor stort ansvar jobben gir, seier ho.