- Det eg veit er at fleire no er på veg heim. Slik eg forstår det er det pårørande som har henta dei eller dei har organisert heimtransport sjølve.
- Valdsmannen har myrda vår ungdom
Ruset kjenner ikkje til detaljane, men han har ikkje fått beskjed om at nokon frå Møre og Romsdal er blant dei omkomne.
- Det var 24 påmeldte frå Møre og Romsdal på ungdomsarrangementet på Utøya. Slik eg forstår det var det færre som var til stades då åtaket skjedde.
Dødstala etter skytemassakren på Utøya har stege voldsomt i natt, og minst 84 menneske er no stadfesta drepne.
- Dette er ein heilt forferdeleg dag, og eg tenkjer særleg på dei pårørande. Valdsmannen har direkte myrda vår ungdom, seier ein tydeleg rysta Bjørn Inge Ruset.
- Ta godt vare på kvarandre
Justisminister Knut Storberget seier tidleg laurdag morgon at Noreg vaknar opp til ein ufatteleg nasjonal tragedie.
– Svært mange unge mennskeliv har gått tapt. Det bringer oss i djupt sjokk. Bodskapen som no gjeld meir enn før; Ta godt vare på kvarandre no.
Han seier dagen i dag kan verte ein tung dag for mange av oss, og oppfordrar alle til å støtte opp om dei pårørande.
Det er noko også leiaren i Møre og Romsdal Arbeidarparti legg vekt på.
- Eg vil halde meg oppdatert utover dagen. Når ungdommane kjem heim til Møre og Romsdal må naturlegvis fagpersonell handtere dette. Og dersom det er noko Møre og Romsdal Arbeidarparti kan hjelpe til med, så skal vi naturlegvis stille opp for dei, seier Ruset.
- Eit direkte anslag mot demokratiet
Han meiner massakren mot den uskuldige ungdomen på Utøya er tragisk, og eit åtak mot demokratiet.
- Som alt politisk ungomsarbeid er Utøya ein plass ein møtest. Mange brukar ferien sin til å diskutere politikk. Dei engasjerer seg for styringa av samfunnet vårt og det dei meiner er den beste måten å gjere det på. Dette er eit direkte anslag mot vårt demokrati.