Morten Schakenda er død
Bakaren i Lom, Morten Schakenda, er død, 55 år gammal. Morten Schakenda kom frå Gjerdsvika i Sande.
Schakenda starta bakeriet i Lom i 2004 og har sidan då både gledd lokalbefolkninga og lokka langvegsfarande til bygda, med ferske brød og bollar.
Bakeriet har vorte eit av dei største turistmåla i Gudbrandsdalen i seg sjølv.
Schakenda har vore open om at han hadde kreft i mange år. Dagleg leiar ved bakeriet, Magnus Valentin Hansen, fortel til NRK at Schakenda likevel nesten dagleg var med i drifta. Bakeriet held stengt på gravferdsdagen.