Hopp til innhold

Moods of Norway opnar ny butikk

Sunnmørsbygd med 160 innbyggarar får designerbutikk.

Moods of Norway opnar butikk på Flø.

Moods of Norway opnar sin 6.butikk i Norge på Flø.

Foto: Eirik Knudsen//Cockpit Studio

- Endeleg får den velse bygda Flø sin første klesbutikk, skriv Moods of Norway i ei pressemelding.

8.mars opnar dei sin nye butikk i samarbeid med Studio Hugo Opdal.

Hand i hanske

- Kleda våre passer som hand i hanske med galleriet til Hugo. Det blir art and fashion hand i hand, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway.

- Det er ingen butikker her frå før, så det blir kjekt å få klesbutikk på Flø. Klær må ein ha, seier Hugo Opdal. Han skal drive butikken som berre skal være open på søndagar saman med galleriet.

Nett-tv: Flø får "Moods of Norway"-butikk

Tidlegare har galleriet på Flø hatt utstillingar med kjende namn som Damien Hirst og Sverre Bjertnæs.

- Vi blir inspirert av utkant-Norge og mykje av det Moods-konseptet bygger på er ting ein også relaterer til Flø, seier Staalnacke.

Flø

Flø får sin første klesbutikk når Moods of Norway opnar i mars.

Foto: Hugo Opdal