Hopp til innhold

Vil heidre alle som har omkome i Trollveggen med stor minnestein

– Det kan vere godt for pårørande å kome til Trollveggen for å minnast. Det seier Harry Hjertø, som mista sonen i ei basehoppulukke i 2008.

Minnesmerke Trollveggen

Til høgre ser ein layouten til minnesmerke, der namn, årstal og nasjonalitet på dei omkomne står. Minnesteinen skal stå utanfor inngangen til Trollveggen Besøkssenter, som ein ser til høgre i bilde.

Foto: illustrasjon/montasje / Trollveggen Besøkssenter/Reiulf Ramstad Arkitekter

Svein Kroken

Svein Kroken er dagleg leiar i Lars Kroken AS – som driv Trollveggen Besøkssenter.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Trollveggen, Europa sitt høgste loddrette stup. 1700 meter frå botn til topp, over 1000 meter rett ned.

– Fram til 1965 blei Trollveggen sett på som umogleg å innta for menneske. Men i 1965 blei den erobra for første gong, då to klatrelag nådde toppen.

Det seier Svein Kroken, dagleg leiar i Lars Kroken AS, firmaet som driv Trollveggen Besøkssenter.

Trollveggen er enkelt tilgjengeleg frå baksida, men rett opp veggen var, og er, noko anna. I 1965 var det eitt norsk og eitt engelsk klatrelag, med to forskjellige ruter, som nådde toppen.

– Det blei nesten ein landskamp om å bli først. Det norske klatrelaget vann, éin dag føre det engelske laget, seier Kroken.

Første dødsfall året etter

Etter den første «erobringa» av monsterveggen blei det sjølvsagt ein ynda stad for klatrarar. Men Trollveggen var – og er – langt frå ufarleg.

– Den første som omkom i Trollveggen var ein klatrar i 1966.

I 1966 døydde heile tre menneske i klatreulukker. Tor Kleppen frå Noreg var den første som mista livet, før Hans Klinitius og Jan Arvidsson frå Sverige miste livet same år.

– Første basehoppar som mista livet i Trollveggen var Carl Boenish i 1984, minnest Kroken.

Saka held fram under bildet.

Trollveggen Besøkssenter

Trollveggen Besøkssenter, som nyleg blei trekt fram i ei internasjonal kåring for beste design, skal før 1. juni få eit stort minnesmerke ved inngangsdøra. Det blir ein ny del av ein historisk profil, opplyser dagleg leiar.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter

Stort minnesmerke i stein

Minnesmerke illustrasjon

Slik skal minnesmerke over alle omkomne i Trollveggen sjå ut.

Foto: illustrasjon / Trollveggen Besøkssenter

Sidan 1965 har 19 menneske, alle menn, mista livet i Trollveggen. Av dei var ni basehopparar og 10 klatrarar.

For å minnast dei omkomne vil Kroken og Trollveggen Besøkssenter setje opp eit to meter høgt minnesmerke utanfor senteret.

– Vi ønskjer ein større minnestein som viser alle dei som har mista livet i erobringa av Trollveggen. Vi har gjort grundig research for å få med oss alle namna på omkomne, både under klatring og basehopping.

Ifølgje Kroken har det vore umogleg å kontakte alle pårørande, fordi det er snakk om svært mange land og kontinent.

– Men tilbakemeldinga frå dei vi har prata med er at eit minnesmerke både er fint og greitt.

Basehopper fast i Trollveggen

Her, i Stabbeskaret i Trollveggen, mista Tommy Hjertø livet i 2008.

Foto: Ole Johnny Amundsen

Mista sonen i 2008

Av dei 19 som har mista livet er det fire nordmenn. Sist gong ein nordmann mista livet i Trollveggen var 8. september 2008.

34 år gamle Tommy Hjertø frå Hemne mista livet etter ei basehoppulukke frå Stabbeskaret i Trollveggen. Det gjekk feil alt i avsatsen av hoppet, før Hjertø fell om lag 100 meter.

Far til Tommy, Harry Hjertø, synest eit minnesmerke ved Trollveggen er eit svært fint tiltak.

– Det kan vere godt for pårørande å kome til Trollveggen for å minnast.

– Eg trur ikkje son min hadde hatt noko imot dette, seier Hjertø.

– Var litt førebudd

Han fortel om ein langt over gjennomsnittleg aktiv son.

– Han var svært aktiv og dreiv enormt mykje med basehopping. Det var det som var livet hans.

– Kva hugsar du frå ulukkesdagen i 2008?

– Akkurat ulukkesdagen hugsar eg ikkje så mykje av. Det var eit slikt forferdeleg sjokk ...

– Trass i at ein var litt førebudd på at det kunne skje noko, så mykje som han hoppa. Ein tek nokre sjansar når ein hoppar utfor store og høge fjell.

Saka held fram under bildet.

Trollveggen

Trollveggen har trekt til seg mange ekstremsportutøvarar sidan 1965. Dessverre har mange omkome på veg opp eller ned.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Har minnast sonen på «Tigertinden»

På Roberget på Kyrksæterøra reiste kameratane til Tommy Hjertø eit minnesmerke same år som han mista livet.

– Kompisane mura opp ein varde på Tigertinden, som den blir kalla. Han var den første som nokon gong basehoppa der.

Tommy Hjertø hadde kallenamnet «Tiger'n», så Roberget blei for dei pårørande omdøypt til «Tigertinden».

– Han var nok ein tiger, uredd og gav alltid «bånn gass», sa éin av kameratane til Tommy til Søvesten i 2008.

– Minnesmerket på Tigertinden er veldig fint, og vi har vore der kvart år sidan ulukka skjedde. No kan det bli turar til Trollveggen for å minnast òg, avsluttar far til Tommy, Harry Hjertø.

Ifølgje Svein Kroken skal minnesteinen vere klar og ferdig før sommarsesongen opnar 1. juni.