NRK Meny
Normal

Såg Barrantes på storskjerm på heimebane

Kring 2000 folk tok turen til stadion i Ålesund for å følgje cupfinalen på heimebane.

Video Cupfinalen på stadion i Ålesund

Cupfinalen på stadion i Ålesund

«Vi er oransje og blå, vi er laga av stål ...», supportersongane fyller stadion i Ålesund.

Kring 2000 forventningsfulle tok turen for å ete middag, og ikkje minst sjå cupfinalen mellom Brann og Aalesund på storskjerm i ettermiddag.

LES ÒG:

Stadion i Ålesund hadde opna dørene for dei som ikkje hadde teke turen til hovudstaden og Ullevaal, og ville sjå kampen på heimebane.

Der fekk dei sjå costaricanaren Michael Barrantes fyre av to skot, som avgjorde finalen. For det vart med scoringane i første omgang, Brann hadde ikkje noko å stille opp med mot AaFK.

Barrantes kom til AaFK sommaren 2010 og har sidan spelt på landslaget til Costa Rica. Han har spelt 17 kampar og scora tre mål for landslaget. Han var innom ei rekkje costaricanske klubbar før han kom til Aalesund.

Video Triumfferd for Barrantes

Men to mål og fantastisk spel vart Michael Barrantes den store Aalesund-helten i dag. Dermed vart bussturen frå Ullevaal til kveldens bankett ei triumfferd – både for han og resten av laget.

Stadion var òg open for dei som ville sjå kampen gratis med stadionkjensla tett på. Medan sola varma i første omgang, gjorde den stigande sigerskjenlsa sunnmøringane varme mot slutten av kampen.

Og på veg ut av stadion var det cupgullet og scoringane til Barrantes som var på alle sine lepper.