Hopp til innhold

Inga typisk fotballbok

Tittelen på boka er «Keeperen og Havet», men det er inga typisk fotballbok Maria Parr har skrive. Lena og Trille og ei heilt ny jente er med i persongalleriet, 12 år etter at «Vaffelhjarte» kom ut.

Maria Parr

Maria Parr har skrive det meste av manuset til den nye boka i redaksjonslokala til Synste Møre på Fiskå i Vanylven, der ho bur.

Foto: Arne Flatin / NRK

Maria Parr har hatt stor suksess både med «Vaffelhjarte» og boka om Tonje Glimmerdal. Den nye boka kjem i august på Samlaget.

Maria Parr, Keeperen og havet

Framsida på den nye boka til Maria Parr, som kjem ut i august.

Foto: Samlaget

– Eg føler at eg har hatt litt å leve opp til og eg håper at ungane likar denne boka også.

Ho kjenner ikkje på forventningspress lenger, men vedgår at det var ei stund det var litt vanskeleg å kome vidare med skrivinga.

– Eg har no vore veldig bestemt på sjølv at eg ikkje skulle skrive ein oppfølgjar på nokon av bøkene mine fordi eg ønskte å lage noko nytt. Så det har vore ein lang omveg tilbake til der eg starta.

Boka står for seg sjølv, men Maria Parr har fått gjort dei endringane ho ønskte innanfor noko som allereie fanst.

Godt å kome «heim»

– Det var utruleg godt å kome heim til det universet, og eg har kosa meg veldig med skrivinga.

Maria Parr kom med «Vaffelhjarte» i 2005 og «Tonje Glimmerdal» i 2009. Begge bøkene har vunne fleire prisar og vorte svært godt mottekne.

Mesteparten av skrivinga har ho gjort på eit kontor i redaksjonslokala til Synste Møre, der pappa Vidar Parr er redaktør. Her har ho fått ro og fred til å konsentrere seg.

– Eg tenker ganske mykje før eg startar skrivinga, for når eg først startar å skrive går det ganske fort. Men det har vore nokre år med tenking, seier ho og ler.

Det er stort sett dei same personane i «Keeperen og Havet» som i «Vaffelhjarte», med eit lite tillegg.

Maria Parr, portrett

Maria Parr er godt nøgd med boka ho har skrive om Lena og Trille. 12 år etter at Vaffelhjarte kom ut.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Trille og Lena har vorte sjuandeklassingar, og då er ein der at ein innser at verda er litt større og hakket meir komplisert. Så kjem det ei jente flyttande til bygda, og det er no ei storhending som skaper jordskjelv. Alle har vorte eldre. Også farfaren, men han held fram som før likevel. Mykje skjer på sjøen og i fjøra.

Maria Parr har ikkje lyst å seie så mykje om «Keeperen», men seier det ikkje er ei klassisk fotballbok, men det spelar likevel ei ganske stor rolle

Den nye boka vert lansert i august litt før skulane startar opp att etter sommarferien.