Hopp til innhold

Mange millionar ekstra

Cupfinaletriumfen vil gi store ekstrainntekter for AaFK trur klubbdirektør Henrik Hoff. Han seier det no blir enklare å få fleire nasjonale sponsorar.

Henrik Hoff og Øyvind Vebenstad

Klubbdirektør Henrik Hoff og arrangementsansvarlig Øyvind Vebenstad.

Foto: arne Flatin / NRK

Enklare å selje

Klubbdirektøren seier at sigeren over Molde søndag betyr mykje for AaFK økonomisk sett. - Det er ikkje sikkert tala kjem ut på årets rekneskap, men at det kan bety fem til ti og kansje opptil 20 millionar ekstra i kassa, det trur eg.

Det blir lettar å selje inn klubben også til sponsorar utanom fylket, trur Hoff. - Det har alltid vore enkelt å selje AaFK lokalt, men no blir det lett å selgje klubben også på nasjonalt plan.

Klubben har slite med å komme på den nasjonale marknaden tidlegare. Dette blir langt lettare etter cup-sigeren, seier Hoff. - Vi har ein fantastisk klubb med flotte spelarar, supporterar og leiarar, så vi meinar at dette er ein lubb det er verd å satse på og assosiere seg med.

Europacup

Seier i cupfinale betyr også europacupspel. Men at dette også vil gi økonomiske utteljingar har Hoff ikkje tenkt på. - Vi likar ikkje å ta sigeren på forskot, for då blir eit tap så mykje tyngre. Difor har vi ikkje tenkte på kva inntekter europacupen vil gi.