Løyve til Valsøyfjord Kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gi Valsøyfjord Kraftverk løyve til å overføre Kvennhusbeggen til Englivatnet i Halsa.

Det er Svorka Produksjon som eig Valsøyfjord Kraftverk.

Ingen av høyringspartane går i mot tiltaket, men fylkesmannen har nokre kritiske merknader i samband med utgreiingane om biologisk mangfald.

Men ifølge NVE får planane svært avgrensa følger for naturmiljøet i området.