Listhaug takkar etter tidenes beste
Frp-leiar Sylvi Listhaug takkar alle i partiet for valkampen som gav Frp det beste valet gjennom tidene.
Til landsstyret sa ho laurdag at det trengst eit stort og sterkt Framstegsparti. – Blant journalistar, kommentatorar og andre forståsegpåarar verka det hogd i stein at Frp ikkje kom til å halde ut heile vegen inn til valdagen. Men vi motbeviste dei alle og leverte tidenes beste valresultat, sa Listhaug. (NTB)