Båten Ocean Intervention III frå reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik deltek i redningsarbeidet etter ein eksplosjon på ein oljerigg i Mexicogolfen.
Men det har aldri vore fare mannskapet på båten, fortel dagleg leiar Håvard Ulstein i Island Offshore.
- Vi har deltatt med å søkje etter folk i sjøen, og beholdt ein god avstand til plattformen, på rundt to nautiske mil. Til no har vi ikkje lokalisert nokon.
Dagleg leiar i Island Offshore, Håvard Ulstein.
Fleire framleis sakna
Transocean-riggen "Deepwater Horizon" som er under operasjon i den amerikanske delen av Mexicogolfen, står framleis i brann ifølgje fleire nyhetskanalar - seks timar etter ein eksplosjon som ble meld inn til den amerikanske kystvakten klokka 22.00 i går kveld. Riggen opererar for British Petroleum.
Fleire personar skal vere skada, men i kva grad er fortsatt ukjend. Heile mannskapet på riggen skal vere evakuert, men eit fåtall er framleis sakna. Plattformen ligg søraust for Venice. Island Offshore-båten har utelukkande leita etter overlevande.
- Det er kun å bidra til visuelt søk etter folk i sjøen, seier Ulstein.
- Kor langt frå riggen lå båten då meldinga etter katastrofen kom?
- Den låg om lag ein time frå havaristen.
Ingen fare for mannskapet
Operatøren British Petroleum vil ikkje uttale seg om årsaka til eksplosjonen. Ifølgje den amerikanske kystvakta er fleire helikoptere, fly og havgåande farty på plass.
- Har det på nok tidspunkt vore fare for mannskapet ditt?
- Nei. Det sørgar vi alltid for at det ikkje er, forsikrar Håvard Ulstein.
- Kva skjer no?
- Eg vil anta at søk etter folk vil bli avslutta innan kort tid. Vi veit at det er godt ver i området og at nok alle blir lokalisert innan kort tid, seier han.