Hopp til innhold

Kulturpris til Peter Opsvik

Sunnmøring og designar Peter Opsvik har saman med glaskunstnaren Ulla-Mari Brantenberg fått Anders Jahres kulturpris.

Dei to får 500 000 kroner kvar.

Opsvik får prisen fordi han gjennom meir enn 30 år har vore nyskapande i form, materialbruk og produksjonsteknikk.

Det blir også peika på at han har vore ein inspirator for mange unge designarar.

Inspirerer yngre

- Det er veldig hyggeleg å få ein slik pris, seier Opsvik. Han har opp gjennom åra fått fleire prisar, men er glad for å få denne typen prisar.

- Dette er vel todelt. Eg er ikkje så glad for alt oppstyret som blir rundt desse prisane, men det er klart at det er hyggeleg å bli sett pris på. Ein håper sjølvsagt at det kan vere ein reidskap for å få gjennomført det som ein vil, fortel Opsvik.

Han har tidlegare fått skryt for å vere ein inspirator for unge designarar, og dette kan prisane vere med på å hjelpe til med, seier Opsvik. Han har nettopp gitt ut bok, og meiner det no er bra at yngre krefter blir inspirert, etter kvart som han trekk opp i åra.

Dei fleste kjenner til møblane Peter Opsvik har designa, men det er ikkje alle som veit at han står bak kreasjonar som Tripp Trapp-stolen som kom i 1972, og Balanse-stolen frå 1979. Stolane er kjente internasjonalt, og Opsvik har fått fleire prisar for dei.

Funksjonelt og kunstnerisk

- Det er i grunn eit bra spørsmål, seier Opsvik, når han får spørsmål om han har flytta seg frå det funksjonelle over til det kunstneriske.

- Eg føler at eg beveger meg i begge ytterkantane av det ein kallar industridesign. På eine sida er det som eg er mest kjent for, nemleg sitemøblane der ein tek utgangspunkt i det funksjonelle, og det er funksjonsbehovet som startar det opp. Så held eg på med andre ting, meir personlege ting som de kjenner frå Cylindra på Sunnmøre, og objekter og måleri som er nesten totalt ubrukbart, men som eg gjer for å uttrykke meg, fortel Peter Opsvik.

- Så eg er innom begge desse ytterpunkta, men eg har vel brukt meir tid på desse objekta og den slags dei seinare åra.

Heng seg ikkje på motar

Opsvik har fått klassikar-prisen som blir delt ut av Norsk Form for tre av sine produkt, der han har greidd å kombinere dei to ytterpunkta.

- Dei produkta syns eg framleis at dei ser ganske uvanlege og moderne ut. Det er litt av min miljøtankegang, at ein ikkje heng seg på kortsiktige motar, men prøver å lage sjølvstendige ting som kan få eit langt liv, fortel designaren.

Dette gjeld mellom anna Tripp Trapp-stolen og Balanse, som designaren sjølv ikkje trur kjem til å bli gamaldags.

- Denne vinteren har eg jobba ein del med design på grunn av litt utskiftingar på firmaet, men no skal eg ha ein lang sommarferie, seier prisvinnaren, som altså får 500.000 kroner gjennom Anders Jahres Kulturpris.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru