Hopp til innhold

Knallsesong i Trollstigen

Mykje finvêr kan nok ta litt av æra for at turistattraksjonen har hatt 28 prosent fleire besøkande enn på same tid i fjor.

Trollstigen

Det har summa i turistar på Trollstigen i sommar.

Foto: T. P. Krohn

Turistar på Trollstigen

Trollstigen byr på vakker utsikt i alle retningar.

Foto: Hilde Gråberg Bakke

Per 1. august 2014 viser tala at 580 465 personar har besøk turistattraksjonen, mot 453 465 i fjor.

Det skal seiast at fjoråret var ein særs dårleg sesong for turistsesongen i Møre og Romsdal. Då var det dårleg vêr og finanskrisa i Europa som fekk skulda.

Etter ein mild vår opna Trollstigen allereie 8. mai, noko som er rekordtidleg. I 2013 opna vegen først 22. mai, noko som gav ein betrakteleg kortare sesong.

Grei trafikkavvikling

Trollstigen

Trollstigen vart del av Nasjonale turistvegar i 2012. Under opninga vart også det nye Trolstigplatået offisielt opna.

Foto: Hilde Gråberg Bakke

Ifølgje Hilde Gråberg Bakke i Romsdal Reiseliv og Handel har avviklinga av trafikken gått bra sjølv om det har vore langt fleire besøkande.

– Det har ikkje vore auke i talet på stengingar på grunn av bussar som har køyrt seg fast, trass i ein relativt stor auke i trafikken, seier Gråberg Bakke og meiner dette har ein samanheng med ei nyleg utbetring av sju av svingane.

Størst døgntrafikk var det i veke 30, då heile 2121 køyretøy forserte dei 11 svingane i Trollstigen

Framleis utfordringar

Ifølgje Hilde Gråberg Bakke i Romsdal Reiseliv og Handel, er det framleis enkelte ting som må løysast ein kan seie seg fullt ut fornøgd med Trollstigen som turistattraksjon.

– Parkeringsarealet som er disponibelt er altfor lite i forhold til besøket på svært mange dagar, og mobildekninga er fråverande mot Valldal, seier ho.

Håpet er at både parkering, mobildekning og nytt naudnett vil vere på plass til sommarsesongen 2015.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL